Resolusjon frå årsmøtet 2016

Resolusjon frå årsmøtet i Landslaget for offentlege pensjonistar,  Bergen og omland lokallag 26. januar 2016.

Innleiing:

I november 2015 la det nye byrådet i Bergen fram budsjettframlegg for neste år. Her kom det fram at byrådet reduserer normtida for heimehjelptenestene. Dette betyr at tida heimehjelparane får nytte til å utføre arbeidsoppgåvene for eldre og pleietrengande minkar.  M.a. fører det til kortare tid til morgon- og kveldsstell for enkelte grupper, og at oppgåver som tidlegare skulle utførast annakvar veke, nå berre skal gjerast tredje kvar veke.

Grunngjevinga er at andre kommunar nyttar mindre tid til dei tenestene som nå blir reduserte i Bergen, og at behovet for desse tenestene vil auke svært mykje, kanskje doblast, i tida framover.

Brukarar og pårørande peikar på at heimehjelparane allereie har sterke krav til effektivitet, og at sjukefråværet er høgt. Forskarar har vist til at med endå mindre tid til arbeidsoppgåvene, vil sjukefråværet truleg auke og kommunen vil måtte sette inn vikarar, slik at den innsparinga byrådet ser for seg, ikkje vil komme, samstundes som brukarane vil få dårlegare tenester.  

I brev frå Helse- og omsorgsdepartementet frå oktober 2015, blir LOP, Landslaget for offentlege pensjonistar, invitert til å komme med krav til statsbudsjettet når det gjeld det som er viktig for pensjonistane. I svaret peikar LOP på at ei forsvarleg bemanning i helse- og omsorgssektoren er svært viktig og grunngjev dette m.a. med både tryggleik og trivsel. Dette må gjelde både for sjukeheimar og heimetenester. Gode heimetenester vil føre til at eldre kan vere heimebuande lenger, noko som er ei klår målsetting både for stat og kommune. Budsjettet i Bergen er såleis i direkte motsetnad til denne målsettinga.

Resolusjon:

Årsmøtet i Bergen og omland lokallag av LOP ser med stor uro på dei signala som nå kjem frå byrådet i Bergen om reduksjon i normtida for heimetenestene.

Skal eldre kunne vere i stand til å bu heime så lenge dei sjølv, dei pårørande og kommunen ønskjer, må det leggjast til rette for at dei får tenester av høg kvalitet både når det gjeld medisinsk hjelp, stell og praktisk hjelp, slik at dei kjenner seg trygge og vel ivaretekne.  

Årsmøtet i Bergen og omland lokallag av LOP ber byrådet gå attende til tidlegare norm, og å sette i gang ei gransking av kvaliteten på tilbodet til heimebuande eldre i kommunen.

Resolusjonen blir sendt byrådet med kopi til eldreråda i Bergen og omlandskommunane, Fylkeseldrerådet, sentralstyret for LOP og Arbeids- og sosialdepartementet.