Årsmelding 2011-Voss

Styret har 2011 hatt slik sammensetjing:
Bjørn Fareth, leiar
Gunnvor Børsheim Lindland, nestleiar
Ivar Lindland, kasserar
Ola Folkestad, skrivar.
Dessutan: Eldbjørg Foldnes Finne, Ragnhild Mølsted Lidal og Hans Grove.
Varamedlemer: Gunnhild Kj. Hansen, Kjell Ove Baardtvedt, Reidar Reime. 

Saker i styret: Det har vore 6 styremøte i perioden og 22 saker er behandla. Styret har i hovudsak arbeidd med desse sakene: Planlegging og gjennomføring av turar og kurs, medlemsutvikling, økonomi, planlegging av haustmøte og årsmøte og utarbeiding av årsplan- LOP sin representant i Voss eldreråd, Kirsten Takvam, har vore med på eitt styremøte, med orientering om eldrerådet sitt arbeid.

Representasjon: Leiaren representerte lokallaget ved LOP sitt landsmøte 24.-26. juni på Sola.
Tur: LOP-turen 2011 med om lag 40 deltakarar gjekk 31. mai-1. juni. Knut Sæten, vår faste turkontakt, organiserte turen og var også turleiar. Ruta: Dag 1, Turtagrø (god lunch), Breheimsenteret øvst i Jostedalen, Nigardsbreen og Jostealen Hotel på Gjerde med god middag og overnatting. Dag 2, Sognefjorden med idylliske Solvorn, Urnes stavkyrkje og Urnes hjortefarm. Heimturen til Voss gjekk over Vangsnes og Vikafjellet. Vellukka tur!
Teatertur: 26. september var 35 deltakarar med til Den Nationale Scene der vi såg Ibsens Gjengangere. I bussen – både før og etter framsyninga – orienterte Gunnar Schei om Ibsen og om Gjengangere. Planlegging og leiing også for denne turen ved Knut Sæten. Turen var fullteikna. 
Kurs: 2 kurs vart avlyste pga manglande interesse: Datakurs (ingen påmelde) og Spanskkurs (3 påmelde). Etter at LOP har halde fleire kurs i desse emna tidlegare år, er trongen truleg bra dekka inntil vidare.
Kurs i stavgang vart avvikla over 3 kveldar i mai med 5 deltakarar og med Astrid Såkvitne som dyktig leiar.
Kurset i slektsgransking i oktober/november vart den store «kursvinnaren» i 2011, i eit særs vellukka samarbeid mellom LOP og Voss ættesogelag, der også Voss bibliotek var ein viktig medspelar. 3 lærerike kveldar med 15 deltakarar der om lag halvparten var frå LOP (kr 200 redusert pris). Kursleiar var Reidar Reime. Kurset var populært og vi reknar med å kunne tilby eit liknande kurs komande haust.

Møteverksemd:
Årsmøtet vart halde i Velferdssentralen 15. febuar med 28 frammøtte. I tillegg til årsmøtesakene var det kåseri ved lege Geir Flatabø om Friske pensjonistar, og Odd Hagen underheldt på trekkspel med vakre brurevalsar.
Skattemøte 13. april med underdirektør Ranveig Iversen, der hovudtema var skatt for pensjonistar. Samarbeid med Utdanningsforbundet si (uformelle) pensjonistgruppe. 13 frammøtte.
Haustmøtet: 16. november med om lag 30 frammøtte. Som vanleg var det bevertning, lotteri og kulurprogram. Lars Konrad Bonsaksen heldt biletkpseri med tema Vossevangen i 60-, 70- og 80-åra. Vi fekk sjå mange kjende fjes og nokre fann også seg sjølve på eit og anna bilete. Musikalske innslag fekk vi ved Arne Viste på trekkspel. Dessutan fekk vi god og oversiktleg informasjon om arbeidet i Voss eldreråd ved vår representant der, Kirsten Takvam.

Utvikling i medlemstalet: Siste oversikt i 2011 viser eit medlemstal for Voss og omland LOP på 157. Medlemsutviklinga sidan 2008 viser ein relativt stabil medlemssituasjon:
                      2008     2009     2010     2011
Voss               117        126        125        130
Vaksdal            13          12         10          10
Ulvik                 12          12         12          11
Aurdal                 5            5           5            4
Granvin                3           3            4            2

Økonomi: rekneskapen for 2011 syner inntekter på i alt kr 59.486 og utgifter på kr 47.107,60. Total eiegnkapital pr 31.12.2011 er på kr 37.611,10.

Eldreråd: Lokallaget er representert i Voss eldreråd ved Kirsten Takvam. Ho hadde også denne funksjonen før kommunevalet i september. I dei andre kommunane har lokallaget ikkje representasjon.

Vegen vidare: Styret vil gjerne fylgje opp gode idear frå medlemene og tar med takk imot framlegg til aktivitetar. Programmet for 2012 vert sendt ut til medlemene. Opplysningar om/frå lokallaga og LOP sentralt finn ein på lop.no. Vi sender også ut info til dei som har sendt e-post-adresse til styret.


Aurland, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Voss, 16.02.2012
Styret