Pensjonistar – pluss eller minusgruppe?

I  einskilde  politiske debattar blir pensjonistane framstilt som ei spesielt  kostnadskrevjande og  utakknemleg gruppe. Dette er urimeleg!

Statens seniorråd har nyleg presentert  rapporten ”Verdien av aktive seniorer”. Rapporten har m.a kalkulert at pensjonistane  i 2016 bidrog med over 25 mrd. i frivillig arbeid. (I tillegg kjem nestan det femdoble  gjennom skattar og avgifter. )

Dette kjenner me godt til i Voss. Dei store skiarrangementa i Voss, sist Noregscupen i ski for juniorar for 3 veker sidan, sidan hadde knapt vore mogleg å gjennomføra utan alle pensjonistane på dugnad!

Pensjonistane har hatt reallønsnedgang siste par åra, og vil få det også i år. Me krev ikkje betre pensjonsutvikling enn lønsutviklinga elles i samfunnet, men finn det urimeleg med større nedgang!

Me ønskjer å verta behandla ut frå den situasjon me er i, ikkje ut frå korleis sentrale styresmakter ønskjer me skulle vera!

Sidan desember vil ikkje NAV regelmessig senda utbetalingsmelding i posten, jamvel om  ein pensjonist  ikkje har eller kan bruka PC, smarttlf. eller nettbrett. Rett nok kan ein telefonera Nav og få lese opp summen. Men berre i heilt spesielle tilfelle, f.eks. dersom du vil klaga – men då må du vita at du har fått feil sum(!) -  kan du  få tilsendt  ei melding i posten.       

                                              

Ragnhild Mølster Lidal,
Leiar Landslaget for offentleg pensjonistar for Voss og omland