Teatertur til Bergen torsdag 22. november

I haust har me valt å sjå Linda Eide i ”Oppdrag Mottro” på Hordaland Teater i Logen. Framsyninga startar kl 19.00 og varar til ca 20.15. Pris for buss og billett er kr 500,- per person.

Bussen går frå Voss Idrettshall kl 16.30. Påmelding til Berly tlf. 91705280 seinast 1. september     

                           

Her ser du kva Hordaland teater skriv om framsyninga:

Oppdrag Mottro                     

alt

Ei personleg jakt i ei felles fortid

Av og med Linda Eide

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Du kan gle deg til ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev, trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.