Glimt fra vårt sommertreff 2015

Torsdag 2.juli var det medlemstreff på Sandbu i Vågå.Dette var mogleg etter at Stiftelsen Kjell Holm har opna for å ta imot gjester for omvising i sommarhalvåret.

Ein umåteleg velstelt og vakker nautgard openberra seg da vi kom innom grinda, og vidare inn i garden kunne auga berre nyte enda meir av gamle, solbrune hus og blomar i blomst.At veret endeleg synte seg på sommarvis, gjorde at vi fekk ei perfekt rame om besøket på Sandbu denne julidagen.Kaffe og kringle vart servert i garden etterkvart som bortimot femti medlemar med eventuelle følgje kom til gards.

alt

Erik Lillebråten, leiar i Norsk kulturarv, og historikar Ivar Teigum,  tok for seg kvar si epoke i Sandbuhistoria.Erik, son til han som har vore vaktmeister og handverkar på Sandbu i 50 år, hadde såleis fyrstehands kunnskap om tida under Kjell Holm, dvs.tida etter andre verdskrig og fram til i dag.Ivar tok for seg den eldre historia åt garden eller gardane i Sandbusgrenda.Delt på to puljer synte Erik rundt i dei ulike stovene, stall og stabbur.

Så samlast vi etterkvart på Bokhandelen kafe`, der vi fekk ein innhaldsrik og velsmakande lunsjbuffet som vart avslutta med kaffe og kake.

Da hadde den nye leiaren i Lop, Brit Remme, presentert seg og Unn Bostad hadde orientert forsamlinga om Urtehagen i Ullinsvin og den nye Munchruta med lyddusjar.

Erik og Ivar fekk sine fortente takk for hjelpa  av Marit Håkenstad som for det meste stod for leiinga av dagen.

Som avslutning på ein innhaldsrik dag  gjekk ferda vidare oppi Ullinsvin for å sjå og høyre meir om hagestellet,og Unn fortalde ivrig og inspirerande .Hagen framstår i dag  praktfull og velstelt, og er eit døme på tidlegare tiders hagebruk.

Reidunn Snerle

sekretær

alt

alt

alt

alt

1.jpg