Julemøte på Sødorp gjestgiveri, Vinstra 8.12.16

Vel tretti kvinner og menn var samla i møterommet på Sødorp da leiar Brit ynskte velkomen.

Fyrst på programmet var musikk ved ”Symra”. Det var seks musikarar frå musikklina på VVS. Dei trakterte fele, toradar, gitar og trommer. Musikken var til dels av svært gamal årgang, men let fint for det!

Så fekk Jan Sæterli overta etter at Marit H hadde introdusert han. Sæterli har vore journalist, lærar og u-landsarbeidar. Som pensjonist har han skrive og gjeve ut fleire bøker, i ulike sjangrar, og for både vaksne og barn. Han ga eit innblikk i alle dei ulike gjeremåla sine.

Da smakte det godt med juletallerken; ribbe,pølse og kjøttkaker med det som høyrde attåt,samt riskrem og kaffe.

Å syngje julesongar høyrde og med, likeins utlodding.

Representant for turkomiteen, Reidun Formo, orienterte om den planlagde turen til Røros  for å sjå ”Elden” 2. - 3.august. Interessa synest såpass stor at det blir arbeidd vidare med denne turen.

Trass i kaldt lokale og røyklukt var stemninga god!

 

Reidunn
sekretær

 

alt

 

alt

 

alt

 

alt

 

alt