LOP i Lom

Landslaget for off.pensjonistar avd.Gudbrandsdal la haustturen til Lom denne gongen.Turkomiteen hadde  lagt opp ei interessant og innhaldsrik kulturreise, og også ei slag ”klassereise” for dei 53 som deltok.

Vi møttest i Tor Jonssonstugun,  og sidan veret var på sumarsvis, kunne vi sitja ute medan Bård Hanem fortalde frå livet til Tor Jonsson.Uttrykket ”stusslegstugu” høvde vel ikkje heilt på heimen til Tor viss ein meinte sjølve huset.Mange hadde verre kår, og dei var berre tre,Tor, mora og systera, som heldt til der.Uttrykket stusslegstugu var nok meir som eit uttrykk for dei som levde nedst på rangstigen, ofte i svært tronge kår.

Før vi reiste vidare mot Røisheim, var det høve til å kjøpe bøker og CD plata Ein -seto, med tekster av Tor Jonsson.

På Røisheim, som tidlegare var skyss-stasjon og som no, hotell, fekk vi servert velsmakande lunsjrett , dessert og kaffe.Vertskapet fortalde litt om drifta før og no Per Prestgard hadde i ungdomen hatt sumarjobb på Røisheim .Han fortalde levande om den gamle eigaren Ola Røisheim, om alle dei celebre gjestene som år etter år vende attende til Røisheim.Munthe-rommet var eit konkret bevis på gjest som hadde sett spor etter seg.

Etter å ha kjørt eit lite stykke attende nedover Bøverdalen, tok vi av til Sulheim.Christian tok imot og orienterte om gardshistoria som strekkjer seg fleire hundre år attende i tid.Dei fleste husa er frå 1700- og 1800-talet og vart freda i 1923.Ei stove er jamvel frå før 1349.Sulheim er ein gard i drift, og ikkje eit museum, noko som brukaren understreka som særs viktig.

Det er ikkje ofte ein kan drikke kaffe i slike stover som på Sulheim.Her har ikkje vore ”bruk og kast”mentalitet! Hus og innbu hadde tydelegvis vore teke godt vare på.

I stabbur, stall og låve kunne vi fritt gå rundt å sjå den store malerisamlinga på garden.

Stor takk til turkomiteen for  nok eit flott opplegg, og takk til vertsfolka som tok imot oss.

 

Reidunn Snerle
sekretær

alt

alt

alt

alt