Lop – pensjonistar på ”Ladytur” til Sunndalen

Denne gongen gjekk turen til Sunndalen , Sunndalsøra og vidare til Eidsvåg, Eikesdalen og heimover via Åndalsnes og Romsdalen.Alle dei 50 seta i bussen var i bruk då pensjonistar  frå  avd.Guibbrandsdal var ombordkomne.

Hovudmålet med turen var å sjå musikkspelet ”Lady Arbuthnott”, historia om den rike adelsdama som forelska seg i Sunndalen og alt den hadde  å by på,medrekna nokre mannfolk.Rik som ho var,kunne ho skaffe  det meste. Ho kjøpte garden Leikvin og bygde Elverhøi like ved.Ein praktfull hage vart  laga til, med mengder av rohodendron og tre av ulike slag..Sjøl var ho kunnskapsrik,dreiv med hønse og griseavl,riding og konkurranseskyting.Ho hjelpte bygdefolk når nauda råka,som sjukdom og mangel på korn.Men eventyret fekk ein tragisk slutt;einaste sonen døydde på tur over fjellet og pengane tok brått slutt da banken gjekk konkurs.Da stilte bygdefolket opp og ga hjelp attende til si ”Lady”; bygde huset Einabu og kom med gåver som gjorde at ho greidde seg trass i fattigdom.Ho døydde 1904 og er gravlagd på Løykja der sonen også ligg.

alt

alt

Musikkspelet er eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar og samlar folk til fleirfaldige framsyningar år etter år.Eit fartsfyllt og velregissert spel!

På turen mot Sunndalsøra hadde vi kaffistopp på ”Smak og behag ” på Oppdal.

Undervegs slapp fleire til for å  dele lokalkunnskap om plassar og hendingar:Skulesoge frå Hjerkinn,Folldal verk og rastragedien som krevde 32 liv for å nemne noko.Takk til Ola Haugen, Svein Sletten, Ola Grøsland, Birgit Dyrset og Kari Bj. Hansen for at dei delte lokalkunnskap med oss.Såleis blir ikkje bussturen berre ei transportetappe!

Etter innsjekking på Trædal hotell reiste vi inn til Leikvin bygdamuseum(tidl.garden til Arbuthnott) og fekk omvising og servering av High Tea,innslag frå musikkspelet og vandring i hagen.Den tidlege våren gjorde diverre at all blomstring var fråseggjord.

Etter musikkspelet om kvelden vart det bydd på ekte sodd på Trædal hotell og tid for sosialt samver.

alt

Fredag gjekk turen vidare til Eidsvåg og Nesset prestegard,  som nå er museum med Olavsrosestatus. Ein kunnskapsrik og engasjert omvisar ga oss innsyn i prestegardshistorie og, ikkje minst, ei uvanleg levande skildring av Bjørnstjerne Bjørnsson.Han var så mykje meir enn forfattar:nasjonsbyggjar og folkerettsforkjempar.Kaffe og lefse smakte godt i saufjøset,og kufjøset ved sida av fungerte som konsertlokale.

Så stod Eikesdalen for tur , langs med Eikesdaksvatnet, med Mardalsfossen som største attraksjonen.Veret var såpass bra at ein godt såg fossen frå øvst til nedst, med eit totalt fall på 655meter.

alt

alt

På Eikesdal vertshus vart det servert ei smakeleg lammegryte ,og reisefylgje kunne setja seg gode og mette på bussen og ta fatt på heimvegen til Åndalsnes og vidare opp Romsdalen.At besøkssentret i Trollveggen stengde klokka fem rett før vi kom der, var sjølsagt leit.

Det var 50 tilfredse turdeltakarar som retta stor takk til turkomiteen for godt planlagt og vel gjennomført tur. Haverstad turbiler med sjåfør Oddvar syrgde for trygg tyransport med noko attåt!

Reidunn Snerle