Rørostur 2. - 3. august.

Så var dagen komen da 49  spente pensjonistar kunne setja seg på bussen til Røros.Målet med turen var å sjå det historiske musikkspelet ”Elden”. Men turen skulle by på meir enn ”Elden. Ved  Einunna kapell fortalde Ola Grøsland om den allsidige kulturpersonen Ivar Mortensson – Egnund.

Etter kaffestopp på Taverna i Alvdal,  tok vi ein sving oppom Vingelen.Vingelsgarden har status som nasjonalparklandsby. Der stilte ekteparet Marte og Leif Vingelen opp og guida oss gjennom bygda som imponerte med svært velhaldne gardstun og eit frodig landbruk; ei bygd som har greidd å ta vare på både kulturlandskap og gamal bygningsmasse, som satsar på grendeskular og held oppe folketalet.

Særleg var det interessant å få koma inn på tunet i Tollefsa og inn i den gamle  og særmerkte stova på garden.E ldste huset på garden er frå 1680. Så stor takk til vertsskapet!

Vi var også inne i Vingelen kyrkje frå 1880, dekorert av lesjingen Ragnvald Einbu.

Etter innlosjering og ein rikhaldig middagsbuff, var vi klare for ”Elden”. Da var dessverre veret slik det visst ofte er på Røros; vått og grått. Men vi var utstyrde med alt som trongst for å halde væte og kulde ute, og fann plassane våre i eit nesten fullsett amfi.Med svarte slagghaugar som kulissar, eit spektakulært ljosarrangement, musikk og sang av høg kvalitet, let vi oss rive med og regn fekk vera regn! Ei dramatiske skildringa av soldatlivet til svenskehæren som skulle ta Noreg, og her Røros og koparen, eit innblikk i dagleglivet i Bergstaden,og nokre personlege tragediar gjorde framsyninga  storslagen på alle måtar. Di mørkare kvelden vart, di meir dramatisk framstod scenebilda.Ikkje minst vart vi imponerte over hestane. Svenske skodespelarar gjorde sitt til at det reint språkleg vart svært ”autentisk”. Det er 18.året at Elden blir vist i slagghaugane på Røros.

Dagen etter var det guida byvandring som starta i kyrkja. Det var ein særs spirituell guide som tok oss med rundt og fortalde om historiske, kulturelle og sosiale tilhøve i byen. Og nå fekk vi oppleva ein verdag det ikkje er så mange av på Røros; sol frå blå himmel, varmt og vindstilt. Å gå rundt i gamlebyen i slikt ver vog opp att i mangfald for regnet kvelden før, så det vart ein triveleg føremiddag.

På heimveg hadde vi og to stopp; kaffe på Bortistu Neby. Det er eit gamalt gardstun organisert som ei stifting. Fire driftige damer held ope kafe nokre dagar i veka og serverer nybaka kanelsnurrar.

I Alvdal stoppa vi på Søberg Gård, der møkkjellaren var omgjord til ljosbutikk, Ljosgrotten, for salg av eigenproduserte talgljos. Her var ljos i alle fargar og fasongar, til alle årstider og høgtider. Elles sel dei lokalmat og leiger ut selskapslokale. På sjølve garden driv dei med sau.

Men før det hadde Ivar Teigum gjeve oss den historiske og politiske bakgrunnen som ”Elden” byggjer på, så turen ga oss både opplevingar og kunnskap så det mona!

Det vart ein svært innhaldsrik og triveleg tur på alle måtar, ikkje minst fordi turkomiteen hadde planlagt og gjennomførte på ein solid måte.Jotunheimen turbussar syrgde for trygg og god transport.

Reidunn Snerle
sekretær

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt