Tur til Mimisbrunnr Klimapark 2469

Tretti spreke og forventningsfulle Lop-pensjonistar møttest på Storhaugen gard i Bøverdalen onsdag føremiddag den sekstande september.Der kunne vi nyte termoskaffe og nistepakke i solskin og vakker natur:enno rik blomsterprakt rundt tunet og snø i sikte på toppane rundt.

Målet for turen var Juvasshytta og Klimaparken med istunnellen som det mest spanande.Turen opp gjekk greit, berre litt snø og is i vegen høgst oppe, og det var vi glade for!

Ved Juvasshytta låg snøen og blenkte i solskinet, og vi kunne starte på turen mot istunnellen og 6000 år gamal is.Men undervegs ga guiden vår, Dag Inge Bakke, oss ei framifrå god og interessant  utgreiing om det unike landskapet som vi såg rundt oss:om dyreliv, planter og lav, permafrost og jaktkultur, og ikkje minst alle dei funna som er gjorde ved Juvfonna og Lendbreen.Mange fekk ny kunnskap og oppfriska gamal denne dagen, og det av ein som visste kva han prata om, og som formidla på ein særs pedagogisk måte.

Framme ved inngangen til istunnellen hadde vi sett korleis fonna har trekt seg attende dei siste åra, så her var det ikkje tvil om endringar i klima og temperatur!

Istunnellen har den norrøne mytologien som tema: Mimisbrunnr, Yggdrasil, Midtgardsormen, Hugin og Munin er alle å sjå i utforming av iskunstnaren Istad.

I isaudiotoriet fekk vi sjå video frå arbeidet med å grave ut tunnellen og om funn og bruk av gamal fangstreiskap ved Juvfonna.Så kunne vi trygt finne vegen ut att på sklifrie matter og gangveg etter ei oppleving ein vel ikkje får andre stader.

Turen ned att til Storhaug gjekk nå på turr veg, og den gode  maten som vi fekk servert, smakte oss alle:stor takk til vertsfolket!

 

Reidunn Snerle

sekretær

 

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt