Høyringssvar om kontaktlege i spesialisthelsetenesta

Ved første augnekast kan forslaget om kontaktlege i spesialisthelsetenesta  likne mykje på koordinator etter spesialisthelsetenestelova. Men der er store skilnader, sjå tabellen nedanfor.

LOP: Høyringssvar om kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Høyringsfrist 24.01.2015.

Koordinator i spesialisthelsetenesta

Kontaktlege

For pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester

For pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller liding, som treng individuell behandling/ oppfølgjing frå spesialisthelsetenesta over ein viss tidsperiode.

Skal sikre kontinuerlege og heilskaplege pasientforløp: samordning med andre helsetenester i samband med institusjons-opphald (dvs. både mot andre deler av institusjonen, andre helseføretak, privatpraktiserande spesialistar og kommunehelsetenesta)

Skal vere tilgjengeleg for pasienten, gi info til pas. og ha ei rolle i behandlingsteamet kring pas. Skal vere den faste medisinsk-faglege kontakten til pasienten.

Ingen rett etter pasient- og brukarrettslova

Plikt og rett etter pb.rettslova. Pas.kan klage på manglande oppnemning.

Nå «bør vere lege, men anna helsepersonell kan vere k.», forslag om endring til «skal vere helsepersonell»

I somatikken: Skal vere lege, må vere del av behandlingsteamet kring pasienten og ha ei aktiv rolle i behandling eller oppfølgjing av pas.

I rus- og psykisk helsevern: treng ikkje vere lege.

Treng ikkje ha behandlingsrolle for pasienten

Skal ha aktiv behandlingsrolle for pasienten

 

Den sentrale skilnaden blir at kontaktlegen skal sikre god kontakt innover til pasienten, jf. fastlegetenesta i kommunen.. Koordinator i spesialisthelsetenesta skal samordne utover til andre helsetenester, tilsvarande koordinator i kommunehelsetenesta.

 

Kommunehelsetenesta

Spesialisthelsetenesta

Medisinsk-fagleg kontakt

Fastlege (sidan 2001)

Kontaktlege

Generell samordning

Koordinator

Koordinator

 

LOP meiner derfor:

Mange pasientar med alvorleg sjukdom kjenner seg utrygge: kva er det med denne sjukdomen, kva kan gjerast, og korleis vil det gå med meg? I spesialisthelsetenesta får desse pasientane ofte kontakt med mange ulike helsepersonell, slik at informasjonen til pasienten alt for ofte kan bli både fragmentarisk og sprikande, og dette vil forsterke pasienten sine eksistensielle problem i ein krisesituasjon. Forslaget om kontaktlege i spesialisthelsetenesta ser ut til å ville avbøte dette, og er ein naturleg konsekvens av at pasienten skal vere i sentrum. LOP stør derfor forslaget om kontaktlege slik det er framlagt, og ser det som naturleg at eit så viktig tiltak må bli ein rett etter pasient- og brukarrettigheitslova.

Kontaktlegen skal vere del av behandlingstemaet og ha ein aktiv rolle i behandling eller oppfølgjing av pasienten, og blir på den måten eit kunnskapsanker. LOP meiner derfor det er naturleg at kontaktlegen også bør vere journalansvarleg, og som hovudregel også bør ha informasjonsansvar utover.

Skilnadene mellom kontaktlege og koordinator sine ansvarsområde må gå tydeleg fram av framtidig forskriftstekst.