Høyringssvar til frivilligheitserklæringa

LOP stør hovudtanken i erklæringa, om å leggje til rette for eit sterkt sivilsamfunn.

Kulturdepartementet har sendt ut høyringsutkast av 05.12.2014, med høyringsfrist  05.03.2015.

Den signaliserer mange gode haldningar, men er også uforpliktande og til dels uklar. Det er uklart om målgruppa bare er meint å vere frivillige organisasjonar, eller om den også inkluderer engasjerte enkeltborgarar.

Erklæringa er meint som eit rammeverk for samspel mellom regjeringa og frivillig sektor.

LOP meiner derfor den må ha eit krav om både tverrdepartementalt og tverrsektorielt samarbeid,

fordi frivillig sektor omfattar så mykje: både fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv, kultur, helse, omsorg og mange andre samfunnsoppgåver.

 

Merknader:

Forordet

I forordet er det sagt mykje om kor viktig det er for samfunnet å ha ein sterk og vid frivillig sektor. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i dette, og det må sjølvsagt vere eit politisk spørsmål kva som skal vere politikkområde. Men ei festtaleprega opplisting av så mange honnørord og gode intensjonar er i praksis nokså uforpliktande. Slikt legg til rette for situasjonsbetinga politiske fortolkingar, men ikkje for den «forutsigbarhet i samarbeidet» som er målsett i formålskapittelet.

 

Erklæringa
Den er meint som eit fundament for samspelet mellom regjeringa og frivillig sektor. Den skal ikkje erstatte dei enkelte departementa sine sektorpolitiske ansvar, men styrke sivilsamfunnet som ei motvekt til statens makt.
Dette er uklart: treng regjeringa hjelp frå sivilsamfunnet for å ha styring på statsadministrasjonen sin?

 

Samspill
I «grunnlag for samspillet» er lista opp ein del ideologiske haldningar og fyndord.
 I dagens norske samfunn blir dei nok stort sett rekna som sjølvsagde, men dette er likevel ein god historisk ballast i uvanleg klart språk.
Likevel: erklæringa meiner at det trengs ein heilheitleg og samordna frivilligheitspolitikk fordi all frivillig verksemd har nokre fellestrekk og eigenskapar, men seier ikkje noko meir om kva det kan vere.
LOP meiner at her manglar det nokre steinar i fundamentet.

 

Frivilligsektor- en viktig del av samfunnslimet

LOP meiner det er typisk for frivilligsektor at tiltak er blitt bygd nedanfrå og opp, at dei fokuserer på avgrensa oppgåver, og at innsatsen har vore forma av idealistar utan personleg økonomisk vinning.
Dette pregar sektoren på godt og vondt: den høver særleg godt for utviklingsarbeid men mindre godt for prioriteringar  i større perspektiv, den driv ofte fram auka innsats for forsømte samfunnssektorar – gjerne med bruk av desibelmetoden for å nå fram -, og den er oftast avhengig av idealistar som kan bli utbrende dersom dei ikkje får rimeleg gjennomslag.
Både enkeltmenneske og samfunn har stor nytteverdi av at folk samarbeider om felles mål, og frivilligsektor er ein viktig del av samfunnslimet.

 

LOP vil peike på
Gjennom 100 år har den frivillige sektoren stilt med idealistar for å gjere utviklingsarbeid, så som helsestasjonar, heimesjukepleie, rusarbeid, psykisk helsearbeid, diverse kulturarbeid m.v. Etter kvart som sektoren har funne fram til gode modellar, har så staten overteke.

Eit slikt samspel er god samfunnsøkonomi.

 

I «rammeverk for samspillet» er det mykje godt stoff og praktiske tiltak som det er lett å applaudere.


LOP meiner at ein må leggje særleg vekt på:

  • Å få frivilligsektor tidleg nok inn i prosessar,
  • Bruk av innspelsmøte og offentlege presentasjonsmøte, for å få innspel både frå organisasjonar og folk flest tidleg nok i utgreiingsprosessen
  • Å ha lang nok høyringstid.
  • At språket i sakstekstar og tilskotsordningar må vere godt skjøneleg for folk flest.

 

LOP meiner at frivillig sektor treng to bein å stå på:

Det eine er økonomi. Sektoren må sikrast gode nok arbeidsvilkår, som stort sett handlar om økonomiske rammer. I våre dagar er det ikkje nok med basarar og dugnader.
Kommunale tilskot er ei viktig inntektskjelde, men desse står lagleg til for kutt når kommunebudsjettet strammar seg til.
Det er 28 år sidan NOU 1988:17 Frivillige organisasjoner kom, så nå kan det vere klokt å sjå ein gong til på korleis staten kan stø oppunder frivilligsektoren sin økonomi.


Det andre er gode kanalar til regjeringa. Dette vil  synleggjere både behova, modellane og resultata, og her peikar erklæringa på mange gode tiltak. Men dagens frivillige sektor slit, og det daglege arbeidet må sikrast for å kunne vere godt nok grunnlag for gode råd til andre.  Det hjelper lite om sektoren får ein høg stilk opp til regjeringa, dersom røtene visnar bort av mangel på gjødsel.

 

Sikre god samhandling og unngå fragmentering

Frivilligsektoren arbeider for størstedelen i kommunane.
Erklæringa viser til KS og Frivillighet Norge si sams Plattform for samspill og samarbeid.

LOP meiner at dette ikkje er nok. Eit trekantsamarbeid mellom regjering, KS og frivilligsektor bør bli etablert for å sikre god nok samhandling og unngå fragmentering av dei gode målsetjingane i frivilligheitserklæringa.

 

 

 

Helse- og omsorgsutvalget i LOP          

 

Torleiv  Robberstad                                   Torild Bjørlykke

@