Skatteskjerping og skattelette

25. mai 2010

Stortingsrepresentantane frå Hordaland har fått brev frå LOP Bergen og omland om den skatteskjerpinga og den skatteletten for pensjonistar som regjeringa no planlegg å fremja overfor Stortinget. Lokallagsstyret vil i den samanheng uttala at dei tek sterk avstand frå framlegget om omfordeling isolert innanfor pensjonistgruppa, at skatteletten for pensjonistar med pensjon under ca 300 000 kr bør vera eit felles samfunnsvar, at dei er uroa over tendensen i styresmaktene sine forslag og vedtak i pensjonssaker og grunnfrådraget berre foreslås heva til same nivå som tidlegare.

Brevet kan sendast stortingsrepresentantane i dei andre 18 fylka og. Les heile brevet på Les mer Landslaget for offentlige pensjonister, Bergen og omland lokallag                                                                           Bergen, den 19 . mai 2010

Til Stortingsrepresentantane frå Hordaland SKATTESKJERPING OG SKATTELETTE FOR PENSJONISTAR Styret i Bergen og omland lokallag av Landslaget for offentlege pensjonistar (LOP) har i møte den 10. mai drøfta den skatteskjerpinga og den skatteletten for pensjonistar som regjeringa no planlegg å fremja overfor Stortinget, jfr. pressemelding av 25. mars i år og nyhendeinnslag i fleire aviser og NRK den seinare tid.

Styret i LOP Bergen og omland vil i den samanheng uttala at

  • Vi tek sterk avstand frå framlegget om omfordeling isolert innanfor pensjonistgruppa, dvs. prinsippet om at skatteletten for ei gruppe pensjonistar skal "betalast" av ei anna gruppe pensjonistar. Slik effekten framstår i utrekningar er det ein liten skattelette for dei som får lette, i høve til den kraftige auken i skatt sområkarmange av dei som skal "betala".
  • Skatteletten for pensjonistar som har pensjon under ca 300 000, bør vera eit felles samfunnsansvar innanfor skattesystemet.
  • Vi er svært urolige for tendensen i styresmaktene sine forslag og vedtak når det gjeld pensjonane. Som følgje av pensjonsforliket aukar reduksjonane med aukande fart år for år gjennom innføringa av underregulering (minus-75%-regelen) og levealdersjustering. I tillegg vil no regjeringa auka skatten på pensjonar over ca 300 000 for å dekka inn skatteletten for pensjonar under ca 300 000. Dette er eit forslag som minner om pensjonsreguleringa 2008, der stort sett dei same gruppene som ein no vil gje auka skatt, den gongen mista sin rettmessige del av den disponible potten. Då hevda regjeringa at ho hadde heva minstepensjonane - vel og bra det - men det var dei andre pensjonistane som betalte hevinga, og ikkje staten. Det same gjeld denne gongen: pensjonistane betaler for skatteletten til dei som treng den. Men denne skatteletten burde vera eit felles samfunnsansvar, og ikkje berre eit ansvar for pensjonistane.
  • Vi minner også om at alle pensjonistar for få år sidan fekk redusert grunnfrådraget. Så når dette no blir foreslått heva til same nivå som for lønsmottakarar, er det berre ei tilbakeføring til slik det var tidlegare. Også i dette tilfellet er det pensjonistana sjølve som må dekka kostnadene; særfrådraget er foreslått fjerna og trygdeavgifta for pensjonistar foreslått auka.
Kirsten Utaaker, leiar             Gunda Sparre      Johannes Bolstad
@