Referat fra styremøtet 23.02.2022.

Referat frå styremøtet i PUiT  23.02. 2002 kl. 1200 på møterom Blåmann, Linken

 

Til stades: Sylvia Labugt, Sigmund Nordmo, Else Stjernstøm, Bernhard Sætre, Wenche Helen Bakkelund, Tove Bull.

Fråverande: Einar Størkersen og Toril Hansen.

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend.

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 26.01.22.

Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. Gunnar Ketil Eriksen har sagt ja til å halde foredrag om arv og framtidsfullmakt på årsmøtet 30. mars.
  2. Tove orienterte om stoda for TT-kort-saka i Eldrerådet. Det har tatt noka tid før saka har komme opp der. Grunnen er at det har vore vanskeleg å få ei ønskt orientering frå fylkeskommunen. Det skal skje på møtet i Eldrerådet måndag 28.0
  3. Sylvia har sendt melding til LOP om at Pensjonistforbundet har annonsert på Facebook om at dei som einaste organisasjon har hatt møte med Stortinget 01.02. om trygdeoppgjeret. LOP sentralt kjende ikkje til det.
  4. Sylvia har send brev til LOP med kopi til LOP Tromsø og Tromsø eldreråd med utgangspunkt i Runar Bakkens kronikk i Morgenbladet om eldreomsorg og aldersdiskriminering og bede om at LOP bidrar til at det på statleg nivå blir arbeidd for at det blir etablert ei bemannings- og utdanningsnorm for arbeid i sjukeheimar. Sentralstyremøtet i LOP 11.02. vedtok å ta dette med i LOPs krav til statsbudsjettet 2023. Tove orienterte om at Tromsø eldreråd har forslått at Runar Bakken blir invitert til å halde foredrag med utgangspunkt i boka si på eit fellesmøte for eldreråda i landet som skal arrangerast i Oslo i juni.
  5. Dato for tur til Stokmarknes: 19.-20. mai. Bernhard og Sigmund orienterte om arbeidet dei har gjort, prisar, reiserute, tur-retur Tromsø-Harstad med hurtigbåt, buss til og frå Harstad/Stokmarknes. Besøke UiT campus Harstad og Trastad og Trondarnes historiske senter i Harstad og Hurtigrutemuseet på Stokmarknes. Plass til 35 deltakarar.
  6. Valkomiteen er beden om å komme i gang med arbeidet sitt.
  7. Sylvia har med fleire eksemplar av medlemsbladet Vi i LOP til medlemsmøtet, som deltakarane kan få. Ho vil orientere om nettsida til LOP som er svært lett tilgjengeleg. PUIT legg ut stoff der.
  8. Prosjektet registrering av historisk materiale.

Sylvia og Ola Marius har hatt møte med prorektor Camilla Brekke og Jørgen Fossland om saka. Geir Rudolfsen frå universitetsmuseet var òg til stades. Universitetet er no i ferd med å tilsetje ein materialforvaltar som eventuelt kan få ei rolle i dette prosjektet. Universitetet vurderer altså å lage eit prosjekt om registrering og ivaretaking av historisk materiale. Universitetsleiinga vil ta kontakt med UiO for å høyre litt om erfaringane der. Det blei ein kort diskusjon om saka, og om i kor stor grad dette vil vere ei god løysing. Universitetet har overtatt ansvaret reint formelt, men det er framleis svært mykje som står att.

 

Sak 5/22. Saker til årsmøtet 30.03.2022.

  1. Årsmelding 202
  2.  §3 i vedtektene, styresamansettinga
  3. Honorar til styremedlemmene
  4. Medlemskontingent
  5. Driftsrekneskap og balanse
  6. Budsjett 2022
  7. Val
  8. Aktivitetar i 2022

 

Einar har skrive sakspapir til sak 2. Eventuelle endringar må føyast til det opphavlege sakspapiret. Sigmund skriv sakspapir til sakene 3, 4 og 5, der styret ikkje foreslår endringar.

Aktiviteter 2022: Forsvarsmuseet 12.05, tur til Stokmarknes 19.-20-05., Botanisk hage 14.06., geologivandring Breivikeidet juni, tur til Alta til hausten, byvandring + lunsj på Full Steam og ev. besøk på det nye sjøfartsmuseet i same bygning, tidleg haust.

 

 

Tove

ref.

 

 

@