Rapport fra sentralstyret 3. kvartal 2023

Det store prosjektet
LOP har førebutt eit viktig utviklingsprosjekt om utfordringar i dag, i åra framover, og ikkje minst løysingar, jf rapporten min i siste nr av medlemsbladet (side 5). 

No går LOP eit steg vidare, og då med konkret oppstart. Sjølve prosjektgruppa har slik samansetjing: Kjell Bugge, Gunnstein Emmerhoff, Kari Kjenndalen og Sylvia Labugt. LOP har engasjert Åge Rosnes som prosjektleiar. Åge har ein omfattande fagleg og politisk bakgrunn, m.a. som statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Han er i dag leiar i LOP Bergen og omland.

Prosjektarbeidet skal munna ut i ei overordna sak på landsmøtet 2024. Eit førebels utkast skal leggjast fram for sentralstyret tidleg i 2024. Medlemene i prosjektgruppa og prosjektleiar vil i arbeidet setja pris på innspel frå einskildmedlemer og lokallag.

Eg skal kort nemna nokre av punkta prosjektgruppa skal drøfta, vurdera og ikkje minst leggja fram forslag til løysingar:

- Tydeleggjera føremålet med LOP
- Organisasjonsstrukturen i LOP. Vedtektene. Behov for endring
- Administrasjonen i LOP. Dei administrative oppgåvene
- Samarbeid med dei tre andre interesseorganisasjonane for eldre
- Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar, t.d. gjennom avtalar, jf Unio
- Verving. Nasjonale og lokale tiltak
- Kursverksemd. Strategi og praksis
- Alle typar medium, inkludert medlemsbladet
- LOPs deltaking i eldreråd

Bergen seniorkonferanse 2023
Bergen eldreråd er stolt av denne konferansen, og eg må difor få lov til å nemna den. Eldrerådet er arrangør for 3. gongen, i år i praktisk samarbeid med Bergen sanitetsforening. Formelt samarbeider Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet om konferansen, som finn stad 18. oktober kl 1000 – 1500 på Kronstad i Bergen (studiestad Høgskulen på Vestlandet). Konferansen er open for alle, og har slike hovudtema:

- Demens i Noreg og i Bergen, utbreiing i dag og mot 2050. Kan vi bremsa auken? Korleis? Seniorforskar Bjørn Heine Strand, FHI

- Tannhelse og eldre. Professor Gunhild Strand, UiB

- Kvinnehelse med vekt på eldre. Hjartesjukdomar. Professor Eva Gerdts, UiB

 

Nils Mæhle
Nestleiar i sentralstyret i LOP

@