Rapport fra sentralstyret 4. kvartal 2023

Sentralstyret hadde møte i Oslo 24.-25. oktober. Eg skal her kort nemna nokre av sakene og vedtaka. 

Rekneskap pr. 31.08.23
Vedtak: Sentralstyret viser til gjennomgangen av rekneskapen pr. 31.08.23, og vedtek løyvingar tilsvarande kr 400 000,- i 2023 til:
1. Støtte til lokallag med særlege utfordringar 
kr 100 000,-.
2. Vervetiltak kr 75 000,- i regi av Vervekomitéen.
3. Informasjonstiltak med mer, kr 75 000,- i regi av Komitéen for informasjon og omdømebygging.
4. Styrking av administrasjonen kr 150 000,- til ulike tiltak.

Sentralstyret ber på neste møte om å få eit samla oversyn over den konkrete disponeringa av desse kr 400 000,-.


Eldrerådsarbeid – forslag til prinsippvedtak
Vedtak: 
1. Etter kommunelova skal kommunestyret/bystyret nemna opp eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdomsråd. LOP har erfart at det er svært ulik praksis i kommunane. Mange let vera å følgja kommunelova. Den ulike praksisen gjeld i høg grad også administrativ tilrettelegging for råda. LOP ber om at regjeringa og KS ryddar opp.

2.  LOP understrekar   kor viktig det er med brei rekruttering til eldreråda, både alle  interesseorganisasjonane for eldre, andre organisasjonar som er opptekne av 
eldrepolitikk og einskildpersonar som har fagleg interesse for eldrespørsmål. Vi kjenner til at både kommunar og fylkeskommunar bryt dette prinsippet for innhenting av interesserte til eldrerådsarbeid, og vil ta dette opp med KS.

Samarbeid med dei andre pensjonistorganisasjonane Vedtak: Sentralstyret understrekar det gode samarbeidet med dei tre andre interesseorgani-sasjonane for eldre. LOP har eit relativt fast samarbeid med Senior Norge og Forsvarets seniorforbund om statsbudsjett og trygdeoppgjer. LOP samarbeider med Pensjonistforbundet frå sak til sak, t.d. om statsbudsjettet.
Statsbudsjettet 2024
Vedtak: LOP sender framlegg til Helse- og omsorgskomitéen og Arbeids- og sosialkomitéen på Stortinget.

LOP understrekar kor viktig  det er med brei rekruttering til eldreråda, både alle  interesseorganisasjonane for eldre, andre organisasjonar som er opptekne av 
eldrepolitikk og einskildpersonar som har fagleg interesse for eldrespørsmål. 

 
StyreWeb
Astrid Refve og Ingrid Oftedal Gjesdal frå lokallag Rogaland  Sør presenterte systemet StyreWeb, som m.a. er relatert til  økonomi- og medlemshandtering lokalt og sentralt. Sentralstyret fekk ei god og interessant innføring, og gjorde slikt vedtak:
LOP takkar for ein oversiktleg og grundig presntasjon, og sender saka over til organisasjonsprosjektet for nærare vurdering og tilråding om StyreWeb innan 1.2.2024.
 

@