Årsberetning 2012

ÅRSMELDING 2012

LOP MIDT-HELGELAND med 121 medlemar.

Laget har hatt 11 tilstellingar for medlemar, 5 styremøter med 26 saker, elles telefonavtaler.

Februar 9. Årsmøte m/Lill Inger Reinfjell som gjest.

Ho fortalte om den nye samhandlingsloven som inneheld mange nye ønsker.

Årsmøtesaker og valg.  Eit raskt og godt møte med Mary Anne Nordgaard som ny i styret, etter Edel Vollan.  Alt einstemmig.

Mars 8. NAV. 

Her fekk vi høre kva NAV kan gi av hjelperåder. Grunnstønad og Helpestønad.  Det var Tone Ragnhild Myhre som orienterte.  Ho understreka spesielt Hjelpestønad som skal gå til pleie og tilsyn som utføres privat av nokon i familien. Dette er lite kjent, og difor er det eit stort underforbruk av hjelpestønad til kronisk sjuke eldre med t.d. demens, altzheimer, epilepsi og lignende .

April 12. Song og musikk v/Ellen Steffenrem.

Eit veldig koseleg møte.

Mai 10. Formann i LOP, Kjell Helland, var vår gjest.

Vi var over 40 oppe på Finsalen, men det gjekk godt om vi satt tett.  Helland var sjeldan flink til å legge fram ønsker og planer for LOP si framtid.

Juni 14. Dagstur til Holmen gård.

Ei  fin oppleving, med buss den ofte smale vegen, langs bratte stup, til vi kom fram til ein fint oppussa gard.  Kvitt hagestakitt var første møte, så låg nyhuset og gamalhuset med nytt oppset gamalt skolehus imellom seg.  Det var bygd to lavoar som hadde rom for 12 overnattingar i kvar.  Paviljong og utebord med benkar på uteområdet.  Trine Holmen og faren, Bjørnar Holmen, orienterte oss om skolebesøk og drifta på garden.  Vi såg sauer og geiter.  26 av oss fekk servert kjøttsuppe og blautkake i skolehuset og 10 fekk i gamlehuset.  Triveleg!

August 9. Vandring i Byparken.

Vi har ein fin bypark.  Den blir veldig godt passa på og fornya av Byparkens venner.  Sjefen for det er Inger Hvidsten.  Ho har gartneri på Utnes og er sjeldan flink med planter. Ho var det og som orienterte om parken og viste rundt.  Ei veldig fin oppleving. Etterpå var det kaffestund på Kulturverkstedet.

September 13. Tur til Hamsun-sentret, Hamarøy.

På den finaste somardagen i år starta vi i buss frå Mosjøen om morgonen, og på vegen plukka vi opp fleire som skulle vere med. I Saltdalen stansa vi på ein sjeldan fin kafé bygd i stein og treverk i ein spesiell stil.  Her fekk vi ein god lunsj.

Framme ved Hamsunsentret fekk vi ein svært flink guide.  Han fortalte at arkitekten til sentret hadde lest mykje av Hamsun, og at han hadde gått ut frå boka  SULT i planlegginga av huset.  Det var fyllt med bilete og tekstar fleire etasjar opp til taket, som er flatt, omkransa med bambusstenger.  Når det er vind susar det i dei, nett som Hamsun høyrde fra havet då han som gutt budde hos onkel sin på prestegarden like ved. Huset ligg veldig fint til mellom kyrkja og ruinane av den gamle prestegarden. Utsikten frå glassbalkongen i sentret viser den vakre naturen på Hamarøy. ALT var berre fantastisk!

Vi overnatta på Kobbelv hotell.  Dei laga kosekveld for oss med 200 lys i ein jernbanetunell like ved.

Neste dag fór vi attende til Saltdal og fekk omvisning på Saltdal museum med m.a. eit nytt Blodvegmuseum.  Svært fint utforma. Lunsj på fine Rognan hotell, med utsikt mot fjorden.  Så med buss til Saltstraumen hotell for overnatting.

Heimturen langs kystriksvegen var óg full av gode inntrykk.  Hus bygd inn i glasskolbe og Blix sin heimstad.  ”Det eit fjell stig mot sky, med si krone av snø.” Så Rødøy og Lurøy osv til vi var heime om kvelden.

To trivelege sjåførar hadde køyrt oss: Skjevelnes frå Sandnessjøen og Bolstad frå Hattfjelldal.  Veldig flott opplagt tur av Kåre Bergsnev.

Oktober 11. Litteratur v/Kristian Halse.

Som alltid med ordet i si makt!  Denne gongen med den svenske diktaren og Nobelpris-vinnaren Harry Martinson  sitt store episke dikt ANIARA.

Dagens overraskelse var styret sin gratulasjon til meg som hadde gebursdag dagen etter.

Fantastisk!

November 8. Historisk: Hus og matstell før i tida v /Per Smørvik.

Han fekk alle med når han i bilete på skjermen kunne vise det han snakka om. Klart, tydeleg og interessant.

Desember 13. Julelunsj på Fru Haugans Hotel med 75 påmeldte.

Åpning med fin musikk av Sjalg Wika og Svein Daleng, som óg tok med melodien til ”Mitt hjerte alltid vanker”, julesang frå 1832 som og er mykje bruka i dag.  Eg ønska velkomen med å lese dette første verset  og med ”Visst fins det englar” av Anne Lise Vatne Eide. Eg fortalte og litt om eit triveleg år i laget.  Så overtok Tove Wika og leda lett og artig gjennom heile lunsjen. Min engel den kvelden.

Kr. Halse las frå  SULT av Hamsun.  Det vart litt spesielt for oss som hadde vore på Hamsun-sentret.  Turid Mæhre Olsen fortalte ivrig om dei mange oppgåver landsstyret arbeider med.  Til slutt blomsterutdeling til m.a. vår revisor Berit Lorentsen og til Dagfrid Remmen for referatskriving og oppmøte på styremøter.  Heilt til slutt: Trekning av 2 kransekaker i gratislotteriet.  Edel Vollan og Sara Hoff Pettersen var heldige vinnarar.

Januar 10, 2013. Ambulansetjenesten, 113.

Hege Kristin og Karita frå Ambulansetjenesten i Vefsn gav oss ei grundig orientering om ei velorganisert teneste i Vefsn.  Dei var gode å høyre på i 1 time.

Takk for eit allsidig årsprogram!   Åse.

 

Representasjon

Reprsentanter for styret møtte i november  på  kurs- og  oppmuntringsseminar i Kulturhuset. Arrangør : Frivilligsentralen i Vefsn.

I LOPs  Landsstyre: Turid Mæhre Olsen

I Eldrerådet, Nordland fylke: Berit Lorentsen.

I Eldrerådet ,Vefsn kommune: Turid Mæhre Olsen

Randolf Brattlie

Peggy Natvig

Bodø: Reprsentant til fylkesmøte i Utdanningsforbundet: Åse Fla Steinrud

Bodø: Representanter til fylkesmøte /-kurs i LOP:

Åse Floa Steinrud

Tove Wika

Mary Anne Nordgaard

Turid Mæhre Olsen

 

Kontingent

200 kr til LOP sentralt.
150 kr til LOP Midt-Helgeland.

 

Mosjøen, 14.februar 2013.

Åse Floa Steinrud
Leiar