LOPs historie
Bakgrunnen for skipinga av laget var at i dyrtida i trettiåra vart pensjonane ikkje regulerte i samsvar med levekostnadsindeksen, og statspensjonistane merka at dei stadig sakka akterut. Dessutan var det stor harme over at dei i tillegg til sine 10 % til Statens Pensjonskasse, laut betala inn avgift til Alderstrygda som var vorten innførd i 1936, men som svært få av medlemene i pensjonskassen fekk nyta godt av. Alderstrygda var nemleg behovsprøvd, og dei fleste statspensjonistane hadde for høg pensjon.
Skipingsmøtet vart halde på Møllergata skole i Oslo. Første formann var lærar Karl Øldegard. Han sat i to år, men var aktivt med i laget lenge etter.Årskontingenten var kr 2,-. Dei fleste som melde seg inn, valde å verta livsvarige medlemer og betalte då kr 20,- ein gong for alle.
Dei første åra hadde ikkje LSP lokallag. Dei aller fleste medlemene budde i og omkring Oslo, men på årsmøtet i 1951 vart det vedteke at det skulle opprettast lokallag, og me fekk Oslo og Omegn lokallag 21. november 1951, og 11. desember vart Bergen og Omland lokallag skipa.
Utover i femti- åra auka talet på medlemer raskt og nådde ein førebels topp i 1961 med 7.973 medlemer.
Samstundes som det vart vedteke å danna lokallag, fekk Landslaget nye vedtekter. Det vart oppretta eit Landsstyre, der Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim lokallag skulle ha ein fast representant kvar. Det skulle haldast Representantskapsmøte annakvart år, og alle lag med minst 25 medlemer hadde rett til å senda ein delegat på eigen kostnad.
Frå april 1946 har Forbundet gjev ut tidsskriftet Statspensjonisten som frå 1993 har endra namn til SFK- Pensjonisten. Då vart det endra til «SFK-Pensjonisten». Dette namnet hadde tidsskriftet fram til midten av 2006. Sidan har namnet vore «Vi i LOP».
Den tapte rettsaka
1950-ÅRA VAR EI KAMPTID FOR Landslaget for Statspensjonistar. Først var det ein hard kamp for å få Statens Pensjonskasse til å rekna ut tillegg i pensjonane på grunn av auke i dyrtidstillegget. Her gjekk det månader, ja, stundom år før pensjonistane fekk det dei hadde rett på.
Så kom i 1957 den nye alderstrygdlova som tok bort den tidlegare behovsprøvinga, og som slo fast at alle hadde rett på alderstrygd frå fylte 70 år.
Men statspensjonistane fekk ei avkorting i statspensjonen sin ved den nye ordninga, noko som syntest svært urettferdig.
Etter ein del sonderingar og drøftingar vedtok landsstyret i LSP 24. april 1959 å reisa sak mot Staten. Då ein rekna med at denne saka ville kunna kosta mykje dersom landslaget vart dømt til å betala sakskostnader, vart alle medlemene oppfordra til å betala ein ekstra kontingent på kr 2,-.
Eg skal ikkje her gå for mykje i detalj, men må få lov til å sitera sjølve Påstanden:
1. Lov av 6. juli 1957 om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 19 kjennes uforbindende for de personer som pr. 1. januar 1959 og i egenskap av pensjonister var berettiget til ytelser fra Statens pensjonskasse.
2. Staten tilpliktes å betale Landslaget for Statspensjonister sakens omkostninger.
I henhold til domstollovens § 21, 3 ledd begjæres retten satt med tre juridiske dommere.
Det skulle gå både vinter og vår før Oslo Byrett 2. juni 1960 avsa slik dom: Staten ved Sosialdepartementet frifinnes. Sakens omkostninger oppheves.
Etter nye 6 månader kom saka opp for Eidsivating Lagmannsrett med slikt resultat: Byrettens dom stadfestes. Saksomkostninger for lagmannsretten tilkjennes ikke.
Før Landsstyret anka saka inn for Høgsterett, hadde 42 av 47 lokallag rådd til å anka saka. Det gjekk no heile 15 månader før Høgsterett endeleg 10. april 1962 samrøystes forkynte denne dom: Lagmannsrettens dom stadfestes. Saksomkostninger for Høgsterett tilkjennes ikke.
Den langvarige rettssaka hadde nok tært på kreftene hos mange av dei tillitsvalde i landslaget, men nettopp under rettssaka hadde medlemstalet auka sterkt, og på grunn av at det ikkje vart ilagt sakskostnader, var økonomien vorten betre gjennom ekstrakontingenten.
Likevel kom nok den tapte rettssaka på lenger sikt til å gå sterkt utover Landslaget, og utover i 60- åra strevde mange lokallag med å halda på medlemene. Kampviljen hadde minka, og fleire lag merka at det var vanskeleg å finna folk som var viljuge til å ta på seg tillitsverv.
Likevel var det først i 70- åra at den store nedgangstida tok til. Då tok dei første gruppene til å planleggja eigne organisasjonar, og etter kvart vart fleire etatsorganisasjonar for pensjonistar grunnlagde, og eg synest det er rimeleg no å seia litt om desse.
Forsvarets Pensjonistforbund kunne få økonomisk og praktisk hjelp frå Forsvarsdepartementet og var eit av dei første etatsforbunda som vart skipa. Dette var særskilt ille for LSP, for gjennom 50- og 60-åra var det nettopp pensjonerte offiserar som gjerne hadde vore leiarar sentralt og lokalt for forbundet vårt.
Politiets Pensjonistforbund såg at dei kunne få særskild støtte frå Justisdepartementet. Også pensjonerte politiembetsmenn og lensmenn hadde ofte vore leiarar i LSP.
Tre av etatsforbunda høyrde inn under Samferdsledepartementet og hadde lenge store fordelar av det, men etter moderniseringa og privatiseringa av desse etatane, merkar dei etter kvart at det vert vanskelegare med rekrutteringa. Alle desse tre høyrde tidlegare med under LSP. Det var: Postens Pensjonistforbund, Telepensjonistane og Jernbanepensjonistforbundet.
For nokre år sidan fekk me endå eit etatsforbund for pensjonistar: Veivesenets Pensjonistforbund som i utgangspunktet høyrer inn under Samferdsledepartementet, men som òg har merka at privatiseringa av etaten er i gang.
Alle desse forbunda gjev ut sine eigne pensjonistblad, meir eller mindre regelmessig.
Det ser ut for meg at dei fleste har visse problem med å skaffa stoff, eit problem eg kjenner godt til etter vel 4 år som redaktør av SFK- Pensjonisten.
Telepensjonisten kom sist i 2002 med eit dobbeltnummer, 3- 4/02, på 24 sider. Her er det ein særs fin layout med fine fargebilete frå ulike stader i landet, men her er svært lite stoff om pensjonsutviklinga.
Politiets Pensjonistforbund sender 4 gonger for året ut Bladet Vårt- som trass i at det berre er på 8 sider finn plass til refleksjonar over pensjonsoppgjeret og pensjonskommisjonen.
Denne sterke oppsplittinga i etatspensjonistorganisasjonar førde sjølvsagt til ein sterk tilbakegang i LSP. Medlemstalet som ei tid hadde vore over 8.000, gjekk i slutten av 80-åra ned til vel 1.000, og det eine laget etter det andre gjekk inn.
På landsmøta møtte berre utsendingar frå få lag, og det var fleire gonger på tale å oppløysa LSP. Den tanken var særleg sterkt framme på Landsmøtet i 1989, då den gamle formannen Arnfinn Sandengen sa frå seg attval. Han hadde då i eit par år arbeidt med å få til eit organisert samarbeid mellom LSP og dei ulike etats- pensjonistforbund, utan å få det store gjennombrotet.
På dette landsmøtet skjedde to viktige ting. Det vart gjort vedtak om å opna landslaget for pensjonistar frå KLP (Kommunal Landspensjonskasse), og namnet vart difor endra til Landslaget for Offentlige Pensjonister (LOP). Den andre viktige hendinga var at Ivar Grotnæss (67) vart vald til ny formann.
Frå dette landsmøtet snudde straumen. Medlemstalet auka, gamle nedlagde lag vart reorganiserte, og nye lag vart skipa ut over landet.
Dette kom ikkje minst av at Ivar Grotnæss hadde eit så vidt kontaktnett, og at han greidde å få fatt i lister over både statspensjonistar, kommunale og fylkeskommunale pensjonistar. Medlemstalet auka frå vel 1 000 i 1989 til over 15 000 i 2002.
Vidare kom det i gang eit nært samarbeid mellom LOP, Forsvarets Pensjonistforbund og Politiets Pensjonistforbund. Seinare kom dei andre etatspensjonistforbunda med i dette samarbeidet, og frå 1992 utvikla det seg eit nært samarbeid mellom alle desse pensjonistorganisasjonane og Norsk Pensjonistforbund i ein samarbeidskomite, SAKO. Den viktigaste saka for SAKO var utan tvil å utarbeida krav før behandlinga av statsbudsjettet og krav til G-reguleringa som skal drøftast etter 1. mai kvart år.
LOP ble gradvis mindre fornøyd med den innflytelse LOP reelt hadde ved samarbeidet i SAKO. Dette førte til at samarbeidet med SAKO ble brutt. Senere inngikk LOP en samarbeidsavtale med Unio. Dette har ført til at LOP har direkte innflytelse på drøftingene om statsbudsjett og forhandlinger om G-reguleringer. Gjennom deltakelse i Unios drøftings-/forhandlings-delegasjon deltar LOP i alle møter med statsråden. På denne måte har LOP vesentlig styrket sin stilling og har direkte innflytelse. Denne innflytelse er noe de pensjonist-organisasjoner som fortsatt deltar i SAKO-samarbeidet ikke har til enhver tid.
Andre pensjonistorganisasjoner
I tillegg til desse organisasjonane som er omtala, finst det sjølvsagt mange fleire organisasjonar for pensjonistar, men det vil føra for langt å gå nærare inn på dei. Nokre av dei ser eg på med mistankens skjerpa blikk, medan andre gjer ein stor innsats på avgrensa felt.
For nokre år sidan kom Seniorsaken med Rolf Wesenlund i brodden. Dette laget hadde ein heller høg årskontingent. Laget slo seg seinare saman med SeniorNorge, noko som førde til ei oppbløming med aukande medlemstal, men òg til ulike problem. Seinhaustes 2005 var Seniorsaken i ferd med å skipa lokallag.
Ein svært aktiv og spesiell organisasjon er Kamp for eldre med Helga Sellevold som ein drivande leiar. Eg trur det mange stader i landet ville vera godt å ha ein slik organisasjon som kunne peika på svikten i store delar av eldreomsorga vår.
Dei organisasjonane eg har nemnt no mot slutten, deltek sjølvsagt ikkje i drøftingane om pensjonane våre.
Pensjonsdrøftingar
Pensjonsdrøftingane tek til i mai etter at det gjennom tariffoppgjeret er vorte nokolunde klårt kor stort prosenttillegg dei yrkesaktive har hatt.
Kva er så G-regulering? Det er det prosenttillegget som vert gjeve til grunnbeløpet i folketrygda, og sidan 1986 er det denne reguleringa som gjeld også for pensjonane våre. Dessverre har G-en vorte underregulert mest kvart einaste år, og det såkalla etterslepet har difor vakse dei aller fleste åra.
Kven er med på desse drøftingane?
På den eine sida av bordet sit staten som skal vera representert med tre regjeringsmedlemer. Dessverre har det ofte hendt at statssekretærar eller embetsmenn har møtt i staden for ein eller fleire av regjeringsmedlemmene. Dei siste åra har organisasjonane fått gjennomslag for at det er Arbeids-og inkluderingsministeren som leder Statens delegasjon.
I mange år sat representantar for Norsk Pensjonistforbund (NPF), Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og LO på den andre sida av bordet.
Norsk Pensjonistforbund og Landsorganisasjonen i Noreg inngjekk i 1991 ein avtale med regjeringa som gav NPF retten til å peika ut representantane som skal representera pensjonistane i drøftingane. FFO fekk seinare ein avtale om at dei òg skulle vera representert. Dei andre organisasjonane (utanom NPF) i SAKO fekk på omgang vera med i delegasjonen med ein representant som rådgjevar, noko i alle fall LOP i mange år var misnøgd med. Vi ønskte å vera meir aktivt med, sjølv om det er viktig å merka seg at her er det berre tale om drøftingar, ikkje reelle forhandlingar.
Frå 2006 er dette endra slik at dei andre hovudorganisasjonane i staten, Unio, YS og Akademikerne òg har fått plass rundt bordet. Det gjeld òg organisasjonen Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO).
Frå 2006 er dette endret slik at de andre hovedorganisasjonane i staten, Unio, YS og Akademikerne og har fått plass rundt bordet. Det gjeld og en annan organisasjon for funksjonshemmede.
Dersom partane vert samde under drøftingane, vert resultatet lagt fram for regjeringa. Dersom det vert brot i drøftingane, skal saka opp i Arbeids og sosialkomiteen som legg den fram til avgjerd i Stortinget. Det har skjedd fleire gonger. Tilbodet frå Staten har vore altfor lågt.
I 2003 sa Stortinget seg einig i prinsippet at G-en skulle regulerast minst like mykje som den gjennomsnittlege auken i inntektene for dei yrkesaktive, og det har vore lagt til grunn for drøftingane så langt i 2004, 2005 og 2006. mellom anna hadde LOP kjempa lenge for dette.
Frå 2010, då stortingskompromisset om å gjennomføra fleire av dei omstridde framlegga i Pensjonskommisjonen skal ta til å verka, vert situasjonen endra til det verre. Frå då av skal nemleg G-en regulerast med eit gjennomsnitt av pris- og lønsauke – såkalla indeksering.
LOP har likevel grunn til å vera tilfreds med nokre andre sigrar på pensjonsfronten. I alle år fram til 2002 var det slik at eit ektepar eller sambuarpar til saman berre fekk 1,5 G som pensjonsgrunnlag i Folketrygda. Denne uretten tok m.a. LOP opp med regjeringa og direkte med stortingsrepresentantane. I desember 2002 vedtok Stortinget ei opptrappingsplan fram til mai 2005. Frå då får dei 1,7 G, eller 0,85 G kvar. Einslege pensjonistar får 1 G. LOP har bede om ny auke til 2 G for ektepar/-sambuarpar i løpet av stortingsperioden 2005-2009.
Kva så med LOP si rolle ved drøftingane?
LOP var altså misnøgd med den rolla vi fekk spela i SAKO-samanheng. Det førte til at Landsmøtet i 2003 vedtok at vi skulle søkja samarbeid med yrkesorganisasjonar og deira hovudorganisasjonar for å få større innverknad på pensjonstilhøve. Det resulterte i nært samarbeid med Utdanningsforbundet og samarbeidsavtale med UHO – Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon. Saman bad UHO og LOP i brev til og i møte med regjeringa, om at UHO som den nest største hovudorganisasjonen i arbeidslivet måtte få plass ved bordet når G-regulering og andre pensjonsspørsmål vert drøfta. Det vart avslag på avslag frå regjeringa. Men etter pågåande arbeid, der òg hovudorganisasjonane YS og Akademikarne tok del, inviterte regjeringa i 2006 Unio, YS og Akademikarane til å delta i drøftingane.
UHO har elles fått fleire nye medlemsforbund sidan då, Forskerforbundet og Presteforeninga. Samstundes har organisasjonen endra namn. Han heiter no Unio. Det er ikkje forkorting for noko, men tyder «Eg sameinar».
Oppdatert: I samarbeidsavtalen mellom LOP og Unio er det slått fast at LOP skal være med i Unios delegasjon i drøftingene om G-regulering og i andre drøftingssammenhenger, t.d. om statsbudsjettet. I G-drøftingane i 2006 og 2007 var såleis LOPs leiar Johan Risa med i Unios to-personars delegasjon. Det var elles eit godt samarbeid mellom alle deltakende organisasjonane med felles delegasjonsmøte og krav i samband med drøftingane. Unio har òg sidan 2006 vore med i drøftingane om statsbudsjettet to år fram i tid. LOP har då vore med i Unio-delegasjonen.
Som nemnt er det utvikla eit godt samarbeid med Utdanningsforbundet. Leiinga der har oppmoda pensjonistmedlemane i forbundet, om lag 17 000, om å vurdera medlemskap i LOP.
Det er òg inngått samarbeidsavtale med Norsk Sykepleierforbund om medlemskap. Avtalen betyr at Norsk Sykepleierforbund betaler den sentrale kontingenten til LOP for alle pensjonistmedlemane deira som vil vera medlemmer i LOP. Eventuelt medlemskap i lokallag må dei sjølve betale kontingent for. Om lag 2 000 av forbundet sine vel 3 000 pensjonistmedlemar er no og LOP-medlemar.
POLITIKARANE SI ROLLE
Det er nok mange med meg som i seinare år har vorte skuffa over korleis politikarane ser på oss pensjonistar. Det ser ut til at dei ofte er på jakt etter å skjera ned på pensjonsytingane. Berre når det gjeld dei sjølve, seier dei eit heilhjarta og fulltonande JA til store forbetringar. Vedtaka i Stortinget om framlegg frå Pensjonskommisjonen er dårleg nytt for pensjonistar, både folketrygdpensjonistar og offentlege tenestepensjonistar. G-reguleringsvedtaket er nemnt framom her. Andre vedtak som kan slå dårleg ut gjeld dei om at det skal nærmare vurderast om dagens bruttopensjoneringssystem i offentlege pensjonar skal endrast til eit nettosystem og vedtaket om det såkalla delingstalet, Dette siste inneber at dersom levealderen stig, skal pensjonane fordelast over fleire år, altså mindre per år om ein då ikkje vel å stå i arbeid lenger. Sidan netto alltid er mindre enn brutto når det gjeld det første av desse vedtaka og at det kan verta mindre pensjon på oss enn det lova tilseier, er det grunn til å vera på vakt. No skal det rett nok forhandlast med hovudorganisasjonane før desse spørsmåla vert endeleg avklara. Igjen får vi setja vår lit til samarbeidet med Unio.
Fleire av framlegga i Skattekommisjonen som kom med innstillinga si i 2004, er óg negative for pensjonistane. Heldigvis klarte LOP saman med dei andre pensjonistorganisasjonane som engasjerte seg i høve til Stortinget, å hindra at dei verste framlegga vart vedteke. Men for 2005 vedtok Stortinget at minstefrådraget for pensjonar skulle stå på 24 % medan det vart auka til 31 % for lønsinntekt.
Dette saman med andre urettferdige skatteforhold for pensjonistane resulterte hausten 2005 i at LOP vende seg til stortingsrepresentantane med brev om desse forholda i samband med 2006-budsjettet. I brevet heiter det, sitat:
«Minstefradraget»
Vi finner det rimelig og berettiget å kreve at minstefradraget fra og med 2006 igjen beregnes likt for pensjonsinntekt og arbeidsinntekt –. Når Stortinget for 2005 fant grunn til å kompensere for lønnstakeres økte ”utgifter til inntekts ervervelse” gjennom økt minstefradrag, skulle pensjonister ha fått tilsvarende kompensasjon for stadig økende aldersrelaterte utgifter.
Særfradraget
Særfradraget som i årevis har vært kr. 18.360 kr, blei for 2005 hevet til 19.368 kr; et lite steg i riktig retning. Men skal pensjonistene få reell kompensasjon for økende utgifter ved sviktende evne til sjølhjelp, og noenlunde samme velstandsutvikling som lønnstakere, må særfradraget heves ytterligere. LOP setter her sin lit til dere stortingsrepresentanter.
Videre opptrapping av grunnpensjonen i parforhold
Stortinget vedtok i desember 2002 å trappe opp full grunnpensjon i parforhold fra 75 % til 85 % av G i løpet av 2003 – 2005; et første steg på vegen til likestilling av par og enslige. LOP oppfordrer til at det i statsbudsjettet for 2006 siktes mot lik grunnpensjon (1 G) i løpet av stortingsperioden. LOP vil i tida framover følge Stortinget og regjeringen nøye når det gjelder den totale pensjonspolitikken.
Innslagspunktene for avgift på arv og gaver
LOP oppfordrer til gjennomføring av forrige regjerings forslag om å doble innslagspunktene for avgift på arv og gaver til henholdsvis 500.000 kr og 100.000 kr. Det er i befolkningen så brei motstand mot arveavgiften at den bør reduseres og etter hvert falle bort. Gode råd for å slippe unna arveavgift – populære gjengangere i et bredt spekter av publikasjoner – forteller tydelig at vern om slektsarv er viktig og engasjerer. Overføringer fra generasjon til generasjon har ellers i betydelig grad bidratt til en samfunnsmessig stabilitet landet kan være bekjent av og tilfreds med. LOP mener slektsarv bør kunne videreføres uhindret av høge avgifter.
Nedtrapping av formuesskatten
LOP ser på formuesskatt som en helt urimelig beskatning av bl.a. pensjonisters bankinnskudd og boligformue; i særdeleshet når kommune etter kommune innfører eiendomsskatt. Og formuesskatten rammer ikke først og fremst en forholdsvis mindre gruppe rike og velstående som profesjonelt plasserer aktiva med lave skattemessige konsekvenser; ca. 40 % av formuesskatten bæres av pensjonistene som med boligformue og bankinnskudd til lav rente, stort sett kommer ut med negativ formuesavkasting. LOP krever at det nå tas steg for avvikling av en formuesskatt som er gått ut på dato, og som favoriserer de i samfunnet som viser minst villighet til å ”skatte etter evne”.
LOP må konstatere at pensjonistene i flertallsregjeringens forslag til statsbudsjett for 2006 klart blir en salderingspost; noe som gir negative konsekvenser for livs- og levestandard. Det store flertall av pensjonister kommer til å merke seg dette.
Budsjetta som Stortinget har vedteke for åra etter har ikkje vorte endra i tråd med LOP sine krav. Men vi har ikkje gitt opp kampen. I nytt brev til Stortinget og i drøftingar med regjeringa sist i desember 2007, er dei same krava framførde på nytt. No gjeld det statsbudsjettet for 2009.»
I tillegg til at det har vore naudsynt å kjempa mot den mangeårige underreguleringa av G-en har pensjonistane óg gode grunnar til å kjempa mot den sterke samordninga av pensjon og folketrygd.
Lat meg i den samanheng nemna eit litt sårt punkt for mange pensjonistektepar. Det er den sterke samordninga av ektefellepensjonen som kan slå svært skeivt ut dersom berre den eine er medlem av pensjonskassen. Denne samordninga kan i blant føra til at ein ektefelle vert sitjande att som enke/enkemann utan å få ekstra pensjon for sine opptente folketrygdpoeng. Det er dette som vert kalla negativ effekt. Gjennom over 10 år har pensjonistorganisasjonane – ikkje minst LOP – arbeidd for å få ei ordning i regelverket slik at det kunne verta slutt på denne negative effekten. Gong på gong har politikarane lova at no skulle noko skje, og sosialminister etter sosialminister har på spørsmål i Stortinget svart at ein arbeidde med saka – men framleis har dei ikkje funne ei tilfredsstillande løysing på problemet.
No kan det vel vera at mange synest at dette vart litt av ein klagesong. Lat meg difor seia det slik: Dei fleste av oss som har full opptening av pensjon frå Statens Pensjonskasse, lever godt av den samordna pensjonen me får utbetalt den 20. kvar månad. Men i blant synest me, etter mi meining med god grunn, at me har rett til ein god pensjon når me har betalt inn om lag 10 % av bruttoløna når me ser premiane/avgiftene til pensjonskassa, alderstrygd og folketrygda under eitt. I tillegg har arbeidsgjevarane våre betalt sin del som ein del av vår løn.
Det er rekna ut at dersom desse innskota til framtidig pensjon hadde vore forvalta slik forsikringsselskapa forvaltar premiane frå innskytarane sine, ville åleine avkastninga etter 35 år vore nok til å dekka 60 % av pensjonane medan berre 40 % måtte takast av oppspart kapital. (Torolf Støyva, LOP/NSF/SPK)
Då blir det så gale når politikarar og media hevdar at det er dei yrkesaktive sine skattepengar som betalar pensjonane. Det er ikkje sant, men det er sagt så ofte at folk flest trur det er slik. Truleg trur politikarane og journalistane det sjølve óg.
LOP har engasjert seg i å få fram sanninga og dermed tilbakevisa utsegnene om at dei offentlege pensjonistane er snyltarar på dei yrkesaktive sine skattepengar. Det er ikkje slik det er hevda i ei stor avis at ”fremtidens unge må regne med at mer av skatten de betaler går med til å holde liv i bestemor og bestefar”og i ei anna at ”stadig færre arbeidstakere skal fø på flere pensjonister.” Når det gjeld skatt, er det og slik at pensjonistane betalar relativt meir i skatt av sine pensjonar enn dei yrkesaktive gjer av sine løner. Pensjonistane betalar óg 40 % av formueskatten i landet. I staden for å redusera eller helst fjerna formuesskatten, slik LOP har bede Regjering og Stortinget om å gjera, vert det lagt meir formuesskatt på pensjonistane i 2006.
Det er ikkje sant at pensjonane vert finansiert av dei yrkesaktive sine skattepengar slik t.d. dåverande statssekretær Helge Eide i Arbeids- og sosialdepartementet hevda i Dagbladet 11.2.2005. Finansieringa av dei offentlege pensjonane er dokumentert i Lov om Statens Pensjonskasse. Der heiter det i § 41:
«Pensjonskassens årlige utgifter utredes av medlemmenes innskott og avkastningene av pensjonskassens fond med det nødvendige tilskott av staten.»
Slik har lovformuleringa vore i alle år, sjølv etter mange endringar av andre paragrafar i lova, seinast i 2004.
I tråd med lovformuleringa vert den same bodskapen attgjeven i ulike stortingsdokument, såleis mellom anna i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Der heiter det at «Ordningen finansieres ved hjelp av Statens pensjonskasses fond og ved bevilgninger over statsbudsjettet i den utstrekning fondets midler ikke strekker til.»
Utbetaling av pensjonane over statsbudsjettet
I strid med lovformuleringa og stadfesting av denne i stortingsproposisjonar vedtok Stortinget på 1970-tallet i budsjettsamanheng å føra pensjons- og trygdeutbetalinger direkte over statsbudsjettet. Dette synest å vera grunnlaget for påstandane frå politikarar og medier om at pensjonane vert finansiert og betalt av dei yrkesaktive sine skattepengar.
Korleis skal vi då nå fram med våre synspunkt og krav?
Det er viktig at LOP som andre pensjonistorganisasjonar øver eit sterkt press på politikarane og er synlege i media. Det er diverre få av dei som utan vidare talar vår sak. Skal me ha von om å nå fram betre enn pensjonistane har klart det så langt, er det naudsynt at me organiserer oss, og at me står saman i kampen for rettane våre.
Men det er óg viktig at me som einskildpensjonistar hjelper til med å fortelja sanninga om pensjonane våre. Det viktigast er å få opinionen til å forstå dette. Det er den som påverkar politikarane.
I tråd med dette vedtok landsmøtet 2007 i Fredrikstad samrøystes ein resolusjon der det viktigaste elementet er å kjempa for at stortingsvedtaket om indeksering av pensjonsreguleringanene frå 2010 ikkje vert sett i verk. Dette vedtaket, som det noverande Stortinget (2005-2009) har gjort, vil føra til at reguleringa av kan verta halverte i forhold til dagens ordning som Stortinget vedtok i 2003.
Daværende redaktør av SFK-pensjonisten, Henning Henriksen, ga i 2003 en orientering om LOPs historie i en pensjonistforening. Vi fikk da lov til gjengi hovedtrekkene i manuskriptet hans, og det har siden vært å finne her på nettsidene våre. En god del har skjedd med LOP siden den gang og teksten er derfor etter avtale oppdatert av Magne Askeland per november 2005. Han har også sammen med Henning Henriksen revidert hele manuskriptet.