Lokale vedtekter - nynorsk
Kvart lokallag i LOP fastset vedtektene sine. Dei må godkjennast av sentralstyret før dei vert gjorde gjeldande. Normalvedtektene er rettleiande og vert lagde til grunn (jf. LOP sine sentrale vedtekter §4). Dersom det ikkje er gjort vedtak lokalt, vil normalvedtektene vera gjeldande og forplikta laget.
§ 1. FØREMÅL
……….. er er eit lokalt organisasjonsledd innanfor Landsforbundet for offentlege pensjonistar.
Lokallaget har til føremål å samla pensjonistar med offentleg tenestepensjon innan eit geografisk område, eller etatvis på grunnlag av tidlegare tenestestad, til arbeid for felles interesser. Dette skjer m.a. gjennom møte og andre aktivitetar for medlemene. Det vert lagt vekt på å informera om offentlege pensjonistar sine rettar og andre aktuelle spørsmål om politikk som gjeld eldre.
Lokallaget bør og leggja vekt på å samarbeida med andre pensjonistorganisasjonar gjennom dei sakene som dei kommunale og fylkeskommunale eldreråda tek opp.
Lokallaget er partipolitisk og livssynsmessig uavhengig, og lokallaget skal til ei kvar tid førehalda seg til hovudorganisasjonen i samsvar med dei vedtektene som gjeld for LOP.
§ 2. MEDLEMSKAP
For å verta medlem i eit lokallag, må ein vera medlem i LOP sentralt, og alle medlemer i LOP har rett til medlemskap i lokallag, uavhengig av korleis dei er rekrutterte. Dersom det ikkje finst noko lokallag i rimeleg nærleik, eller medlemen sjølv ikkje ynskjer slik medlemskap, vert ein direkte medlem i forbundet. Medlemskapen er personleg, likevel slik at ektemakar/sambuarar til medlemer, som og er pensjonistar, kan verta medlemer. Retten deira til medlemskap held fram jamvel om ektemake/sambuar fell frå.
§ 3. ÅRSMØTET
Årsmøtet er det øvste myndet i lokallaget, og vert halde kvart år innan utgangen av mars; i landsmøteår innan utgangen av februar.
Årsmøtet skal:
- Godkjenna innkalling og sakliste
- Velja fylgjande årsmøtefunksjonærar:
Møteleiar
2 referentar
2 til teljekorps
2 til å skriva under protokollen
Årsmøtet skal handsama fylgjande saker:
- Årsmelding frå kalenderåret
- Revidert rekneskap frå kalenderåret
- Budsjett for inneverande år
- Saker melde av styret
- Saker melde av medlemer innan fristen frå styret
- Val etter framlegg frå valnemnda:
- Val av leiar for eitt eller to år
- Styremedlemer (minst ein) for to år
- Val av to – tre varamedlemer for eitt år
- Val av revisor for to år, og vararevisor for eitt år
Vala skal sikra overlapping i funksjonstid i styret. Dersom det er naudsynt, kan periodane fråvikast.
- Val etter framlegg frå styret:
- Valnemnd for neste årsmøte (to eller tre medlemer)
- Utsendingar til LOP sitt landsmøte
Talet på utsendingar til landsmøtet er fastlagt i dei sentrale vedtektene i LOP, § 5:
20 - 149 medlemer: 1 representant
150 - 299 medlemer: 2 representantar
300 - 599 medlemer: 3 representantar
Over 600 medlemer: 4 representantar
Medlemstalet er talet på medlemer som har betalt kontingent per 31.12. året før landsmøtet.
Alle medlemene i lokallaget har tale-, framleggs- og røysterett på årsmøtet. Medlemene og varamedlemene i styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap. Alle vedtak og val på årsmøtet vert avgjorde med vanleg fleirtal. Ved likt tal røyster har styreleiar dobbelrøyst. Unntak: Likt tal røyster ved val vert avgjort ved loddtrekking.
§ 4. OMFRAMT (EKSTRAORDINÆRT) ÅRSMØTE
Omframt årsmøte vert halde når eit fleirtal i styret finn det naudsynt, eller når minst 25% av medlemene i lokallaget krev dette skriftleg. Møtet vert kalla inn med minst tre vekers varsel, og grunnlaget for innkallinga og styret si vurdering av saka skal fylgja med.
Eit omframt årsmøte kan og handsama spørsmål som ikkje ligg til grunn for innkallinga. Slike spørsmål må vera varla på førehand, og vera godkjende av fleirtalet av møtedeltakarane. Elles må gjeldande prosedyrar for ordinært årsmøte verta fylgde.
§ 5. STYRET
Verksemda i lokallaget vert leia av styret, som er det øvste myndet i lokallaget mellom årsmøta. Det er samansett av styreleiar, 3 -7 medlemer og 2 - 6 andre styremedlemer, og varamedlemer i rekkjefylgje. Båe kjønn bør vera representerte. Fyrste varamedlem er normalt til stades på styremøta. Styret kan velja å opna for at andre varamedlemer og kan møta, uavhengig av forfall. Alle varamedlemene skal få innkalling med saksdokument.
Styret konstituerer seg sjølv, og fordeler oppgåver mellom medlemene. Ein av styremedlemene, helst nestleiar, skal ha ansvar for verving. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og to andre medlemer/varamedlemer er til stades. Ved likt tal røyster har styreleiaren dobbelrøyst. Det vert ført protokoll frå styremøta. Styret har ansvar for alt som har med arbeidet i lokallaget å gjera, og skal sjå til at det samsvarar med vedtektene.
Styret sitt ansvar handlar m.a. om:
- Innhald og programopplegg for medlemene, utferder og andre tilskipingar
- Informasjon om verksemda internt og eksternt, medrekna nettsider og medlemsblad
- Passa på kontakten og informasjonsutvekslinga med LOP sentralt
- Syrgja for ei forsvarleg økonomistyring og halda orden på medlemsoversikta.
- Førebu årsmøtet og leggja fram årsmelding, årsrekneskap og budsjett
- Føra protokoll frå styremøte og årsmøte, i tillegg referat frå medlemsmøte og liknande.
- Fastsetja frist for medlemene for å melda inn saker til årsmøtet
§ 6. REVISOR
Lokallaget skal ha ein eller to revisor(ar) som vert vald(e) av årsmøtet. Revisor går gjennom årsrekneskapen og leverer underskriven revisjonsfråsegn som vert lagd fram for årsmøtet. Etter at årsmøtet har handsama rekneskapen, vert han send til LOP sentralt med revisor si fråsegn.
§ 7. ADMINISTRATIVE RUTINAR
- Økonomi og rekneskap
Rekneskapen fylgjer kalenderåret. Laget fører rekneskap som vert revidert av vald revisor, og vert lagd fram på årsmøtet. Årsmøtet vedtek budsjett for styreperioden.
- Medlemskontingent
LOP sentralt syter for innkrevjing av kontingent, og medlemene føretek innbetalingar i samsvar med vedtak i landsmøtet og sentralstyret. For medlemer i lokallag inneheld kontingenten sentral kontingent med tillegg av lokallagskontingent. Organisasjonsmedlemer som høyrer til lokallag, betalar berre lokallagskontingent. Lokallagskontingenten er lik for alle medlemer som høyrer til eit lokallag, og vert førd tilbake til lokallaga to gonger årleg (mai/desember). Lokallaga har ikkje høve til å vedta noko form for «eigen kontingent», men dei står fritt til å krevja inn ein rimeleg eigendel frå medlemer for å dekka utgifter ved tilskipingar, som servering, reiser, inngangspengar og liknande.
- Medlemsregister
LOP har eit sentralt medlemsregister som inneheld same type informasjon for alle medlemer, uavhengig av kva lokallag dei høyrer til. for at systemet skal fungera som føresett, krevst det aktiv medverknad frå lokallaga, og styret har ansvar for framhaldande ajourføring av medlemsopplysningar som inn- og utmeldingar, kontaktinformasjon m.v. Dette vert gjort online gjennom passordverna innlogging på laget sine område i systemet, eller ved å kontakta sekretariatet sentralt.
Personopplysningar i medlemsregisteret er avgrensa til fylgjande:
Namn, kjønn, fødselsdato, bustadadresse, telefonnummer, e-postadresse, inn- og utmeldingsdato, medlemsblad, kontingentstatus og om ein høyrer til samarbeidande organisasjon. Opplysningane i medlemsregisteret vert handsama i samsvar med det som er fastsett om personvern.
- Informasjon
Lokallaget held medlemene og andre orienterte om verksemda lokalt og sentralt. Lokallaget har eigne nettsider på www.lop.no der det kan leggjast ut alt som har med laget å gjera. Lokallaget legg vekt på å halda LOP sitt medlemsblad «Vi i LOP» og LOP sine nettsider orienterte om arbeidet sitt.
- Arkiv
Lokallaget har plikt til å syrgja for at dokument som har noko å seia for verksemda i laget, vert arkiverte på ein måte som er fornuftig og trygg. Døme på dette er møteprotokollar og -referat, sentrale saksdokument, utgreiingar, årsmøtedokument som rekneskap og årsmeldingar m.v. For kvart år vert det sendt protokoll frå årsmøtet, årsrekneskap og årsmelding i digitalt format til LOP sentralt.
§ 8. OPPLØYSING
Framlegg om oppløysing må fremjast for årsmøtet/omframt årsmøte på vanleg måte. Dersom framlegget får 2/3 fleirtal mellom røystene, vert framlegget teke opp på neste årsmøte. Under dette møtet vert oppløysinga vedteken endeleg, med eit fleirtal på 2/3 av røystene. Arkivet og aktiva i laget vert overført til LOP sentralt. Lokallagsmedlemene misser ikkje medlemskapen i LOP jamvel om laget vert oppløyst.
§ 9. ENDRING AV VEDTEKTENE
Framlegg til endring av laget sine vedtekter må sendast over til styret innan den fastsette fristen for handsaming på årsmøtet. Styret legg fram innstilling. Vedtaksendring krev 2/3 fleirtal. Realitetsendringar ut over reint språklege/redaksjonelle justeringar må og godkjennast av sentralstyret.