Høyringssvar – NOU 2017:16 På liv og død

LOPs helse- og omsorgsutvalg har utarbeidet høringssvar til  - NOU 2017:1 6 På liv og død. Les høringssvaret her:

Helse- og omsorgsdepartementet

 

                                             

Høyringssvar  –  NOU 2017:16 På liv og død

 

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt denne NOU-en på høyring med høyringsfrist 21.05.2018, og ber særleg om tilbakemeldingar på kapitla 6-8 og 13.

 

GenereltLOP meiner at NOU-en er eit godt og medmenneskeleg arbeidsdokument, som viser den ønskjelege vegen vidare, men at det vil krevje praktisk tilpassing til økonomiplanar og faglege haldningar.  

 

Palliasjon handlar om grunnleggjande verdiar for all helse- og omsorgsteneste: verdiar som blir særleg synleggjort kring pasientar som sjukdom med tunge funksjonstap, og som ofte treng mykje ressursar og samordna tiltak frå fleire tenester.

LOP meiner derfor at palliative tiltak må vere godt integrert i helse- og omsorgstenestene, og ikkje kome på sida av desse.

 

Pasienttilpassa forløp er eit kjernebegrep i NOU-en.  Forløpet skal ikkje gjelde sjukdom i eit menneske, men eit medmenneske med sjukdom. Det skal ikkje ta utgangspunkt i kva helse- og omsorgstenestene kan tilby, men kva pasienten ønskjer og treng. Viktige stikkord vil her vere trygghet, fagleghet og medmenneskeleghet, i tråd med Verdighetsgarantiforskrifta.

LOP meiner at det vil vere viktig å leggje vekt på

  • Avtaleregulert oppgåvefordeling mellom tenester, som sikrar det pasientane treng: at tenestene fungerer for dei Der og Då.
  • At kvar pasient/brukar får avtale om kven som er kontaktperson: koordinator, kontaktlege, fastlege, teamleiar osv.
  • Organisering av kommunale faggrupper: «fagmisjonsstasjonar» for fagleg utvikling, støtte, vegleiing og opplæring.
  • At det er vanleg å vere meir redd for smerte enn for døden.

 

Plan. Helselovgjevinga gir pasientar som treng «langvarige og koordinerte» tenester rett til individuell plan, men dette omfattar ikkje kortare pasienttilpassa forløp.

LOP er derfor samd i at der skal vere samarbeidsavtalar mellom kommunar og sjukehus om felles utvikling og bruk av pasienttilpassa forløp innan palliasjon.

 

Kommunane sine helse- og omsorgstenester ser ut til å skulle ta seg av det aller meste av palliative tenester, men med støtte frå palliative team i sjukehusa.

LOP er samd i dette prinsippet, som venteleg vil gi betre stabilitet, kontinuitet og omsorg kring pasienten, og betre kontakt med pårørande og heimemiljø.

LOP vil minne om

  • at dei neste ti åra vil aldersgruppa 67 år og eldre auke med 27% og gruppa 80 år og eldre med 46%,
  • at kommuneøkonomien blir stadig dårlegare (målt i netto driftsresultat og netto låneauke),
  • at terskelen for å få kommunale tenester er blitt stadig høgare dei seinare åra,
  • at 37% av kommunane sine netto driftsutgifter går til helse og omsorg, og
  • at desse er personellintensive tenester.

LOP trur derfor det ikkje er realistisk å tru at effektivisering og rimeleg rasjonering kan rydde plass for særleg mykje av dei auka kapasitets- og kompetansebehova, og meiner at omsorgssektoren derfor treng styrking av driftsbudsjetta - om nødvendig med øyremerkte tilskot.

 

Palliasjon i utdanningane. Størstedelen av grunnutdanningane av legar og sjukepleiarar er på større sjukehus, med stor vekt på kurative tiltak. Det er viktig å kjenne kurative mulighetar, men også å erkjenne grensene for desse. Det er her personell får sine faglege grunnhaldningar, som også må omfatte psykiske, sosiale og eksistensielle faktorar for å kunne dekke eit større medmenneskeleg spekter og gi pasientar større livskvalitet og verdighet.

LOP er samd i at palliasjon må bli integrert i i grunnutdanningane, og at det bør bli etablert formalisert kompetnse i plliativ medisin.

 

Forskning. Det trengs palliativ forsking både

  • på individnivå: kva tiltak er best for den enkelte pasienten, og
  • på systemnivå: kva tenestestruktur og samarbeidsmåtar fungerer best for å få pasienttilpassa forløp så smidige og ressurseffektive som råd?

LOP meiner at det bør vere ei sentral oppgåve for dei føreslåtte regionale palliative sentera å vere pådrivar for systemforskning, og at det bør bli vurdert å bruke «Idékatalog»-modellen frå 1980-talet for å spreie God praksis og forenkle «på tvers»-innhenting av erfaringar.

 

Frivillige. Det blir fleire eldre, fleire som bur aleine, aukande kapasitetsproblem i offentlege tenester, men truleg fleire som ønskjer å få døy heime dersom det kan tilretteleggast på forsvarleg og sømeleg måte. Frivillige vil kunne fungere som supplement til både offentlege tenester og pårørande.

LOP trur derfor

  •  at frivillig sektor vil bli ein stadig viktigare ressurs, som ein vanskeleg kan overvurdere behovet for, og
  • at for å få mobilisert den, må den bli sikra ei rimeleg finansiering - , for i våre dagar er det ikkje nok med basarar og dugnader.

 

Administrative konsekvensar. Som nemnt ovanfor må palliasjon stå sentralt i dei offentlege helse- og omsorgstenestene - ikkje ved sida av dei. Men hospice- og anna palliativt arbeid vil også på mange måtar høve særleg godt for ideelle organisasjonar.  

LOP minner om at helselovgjevinga (hol §3-2 og sphl §2-1a) åpnar for innpassing av private aktørar i det offentlege tenestespekteret.