Rapport fra sentralstyret 1. kvartal 2021
Oppnemning av nye komitéar og medlemer
Eg skal nemna to av sakene: Sak 10/21 Etablering av nye komitéar. Dette galdt 1) Eldrerådsarbeid og 2) Komité for informasjon og omdømebygging. I sak 11/21 vart det oppnemnt medlemer i alle utval og komitéar, i alt 6, som også omfattar: Pensjonsutval, Helse- og sosialkomitéen, KKK-utvalet (Kurs-Kontakt-Konferanse) og Vervekomité. Medlemene i sentralstyret har ei sentral rolle i dei ulike utvala og komitéane.
Pensjonsforliket mm
Saka har utgangspunkt i eit felles framlegg frå SV og FrP. Saka er truleg behandla i Stortinget når neste nummer av Vi i LOP kjem. For LOP dreiar saka seg om to hovudpunkt: 1. Urettferdig omfordeling av pensjonen til offentleg tilsette. 2. Spørsmål i tilknyting til forhandling/drøfting. Når det gjeld punkt 2, har i dag Pensjonistforbundet ei dominerande og prinsipielt uheldig rolle.
Det tidlegare sentralstyret v/leiar Torild Ofstad og noverande v/leiar Rannveig Bærheim har arbeidt svært aktivt og godt med saka, både i høve til parti og einskildpolitikarar. Eg har følgt denne prosessen, og vil understreka kor viktig det er at LOP er på den politiske dagsorden, både sentralt og lokalt.
Vervekomitéen i arbeid
Medlemer er Torild Larsen, dagleg leiar Wenche Sandlie og Nils Mæhle (leiar). Me behandla slike saker på første møtet 8. februar:
- Oppfølging av saker på landsmøtet 21.-22.2021 om verving
- Verving i samarbeid med samarbeidsorganisasjonane våre, t.d. Unio
- Ulike måtar å driva verving, bruk av sosiale medium, t.d. Facebook
I tida framover vil det vera heilt avgjerande å rekruttera fleire medlemer til LOP. Dette bør vera ei prioritert oppgåve for alle i LOP, og vonleg også for samarbeidsorganisasjonane våre.
Leve hele livet
Til slutt nokre fåe ord om denne statlege reforma. Landsmøtet vedtok ein resolusjon om reforma, Eldrereform utan finansiering. Behov for ny start. Det heiter m.a.: «Ei stor utfordring med den statlege reforma er at regjeringa føreset at kommunane tek det aller meste av rekninga.»
LOP har erfart at på grunn av manglande statleg løyving står framleis mange kommunar på startstreken. Me vil difor i tida framover følgja reforma nøye.
Nils Mæhle, nestleiar i sentralstyret, LOP