Rapport fra sentralstyret 1. kvartal 2022

Sentralstyret hadde digitalt møte 11.februar. Neste møte vert 21.-22. mars, og då etter planen eit fysisk møte.

Eg skal nemna nokre av sakene:
- Medlemsregister/rekneskapssystem/medlemskontingent
Sentralstyret vedtok å etablera ei arbeidsgruppe som skal arbeida vidare med saka. Arbeidsgruppa har slik samansetjing: Leiar Rannveig Bærheim, sentralstyremedlemene Turid Schüller Sølland og Torhild Larsen, og dagleg leiar Wenche Sandlie. I vedtaket heiter det mellom anna:

- Arbeidsgruppa skal vurdera noverande ordning med sikte på å fremja forslag om eit betre og meir moderne system
- Arbeidsgruppa skal arbeida kontinuerleg for å laga betre oversyn og rutinar for lokallaga

Status verveaksjonen og arbeidet vidare
Eg orienterte kort om arbeidet til vervekomitéen, og oppsummerte slik om vidare strategi:

1. LOP, sentralt, regionalt og lokalt, skal prioritera arbeidet for å synleggjera forbundet i det norske samfunnet.
2. LOP, sentralt, regionalt og lokalt, skal også i 2022 ha fullt fokus på vervearbeid.
Samordningsfella
Denne saka dreiar seg om at offentleg tilsette som arbeider lenger enn 67 år +, får stadig lågare tenestepensjon dess lenger dei held fram i offentleg stilling. LOP har lenge arbeidt med dette spørsmålet. I det siste har vi prioritert saka, m.a. gjennom brev og møte med sentrale medlemer i Arbeids- og sosialkomitéen på Stortinget. Eg viser til brev til leiaren i komitéen, Kirsti Bergstø (jf side 14). I kontakten med politikarane har LOP også teke opp spørsmål om mangelfull offentleg informasjon om pensjon.

Sentralstyret behandla også to viktige innspel frå Pensjonistforeininga ved UiT, PUiT:
- Tilrettelagd transport for personar med nedsett funksjonsevne, TT-kort.
- Arbeida for at det på statleg nivå vert vedteke ei fast bemanningsnorm, og at det vert fastsett minstekrav om utdanning og kompetanse for dei som er tilsette i helseinstitusjonar.

Sentralstyret gjorde positivt vedtak i begge desse to sakene.

Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP

@