Rapport fra sentralstyret 1. kvartal 2023

Sentralstyret hadde møte 22.-23. november 2022. Møtet behandla ei rekkje saker. Eg skal her nemna nokre.

Andre pensjonistorganisasjonar og mogeleg samarbeid
Dette gjeld Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og Pensjonistforbundet, som alle har dei same rettane som LOP når det gjeld drøfting med departementet om trygdeoppgjer og statsbudsjett. 17. januar 2023 hadde LOP eit positivt møte med Pensjonistforbundet.
 

Facebook – sletting av sider til dei som har gått bort
LOP har erfart mange problem i tilknyting til sletting av sider til dei som har gått bort. Dette gjeld naturleg nok ikkje minst eldre. Sentralt har Kommunal- og distriktsdepartementet ansvaret for denne problemstillinga. Sentralstyret vedtok på møtet å senda brev til statsråd Sigbjørn Gjelsvik om saka.
 

Sjukeheim – kven skal tilpassa seg
Det er ein svært stor overgang for eldre å flytta frå eigen heim til sjukeheim. Dei flyttar frå kjende rutinar til nye, som ikkje alltid er like enkle å handtera. Mange sjukeheimar har stor forståing for denne situasjonen og legg til rette for at eldre på eigne premissar kan tilpassa seg rutinar og regelverk på sjukeheimen. Likevel er det slik at ein del sjukeheimar har store utfordringar på dette området. Eg viser også til dei to Brennpunktprogramma (NRK) om eldreomsorga i Noreg.  Sentralstyret vedtok å senda brev til statsråd Ingvild Kjerkol og KS om saka. 
 

Pasientreiser
Dette er ei ordning med store manglar. Dette vart i møtet stadfesta av fleire i sentralstyret med erfaringar frå ulike delar av landet. Sentralstyret vedtok å senda brev til statsråd Ingvild Kjerkol om saka.
 

Møte med statsråd Marte Mjøs Persen
Denne statsråden har ansvaret for pensjonane våre. Ho møtte på årsmøtet i LOP Bergen og omland 24.01.23 og heldt ei god innleiing og svara konstruktivt på dei mange spørsmåla frå årsmøtet. Eg spurde om samordningsfella, der det i Arbeids- og sosialkomitéen pr no ligg eit representantforslag om å avvikla denne fella. Statsråden var generell i svaret sitt. Resultatet er avhengig av Ap og/eller Høgre.

Eg merka ei viktig side ved innlegget til statsråden. Ho rosa LOP for tydelege og konstruktive innspel i dei sentrale møta om trygdeoppgjer og statsbudsjett.

 

Nils Mæhle
Nestleiar i sentralstyret i LOP

@