Rapport fra sentralstyret 1. kvartal 2024

Sentralstyret hadde digitalt møte 24. januar 2024, og behandla dei fire sakene nedanfor:  

Styrking av administasjonen i LOP
Sentralstyret har behandla saka tidlegare, og gjorde slikt vedtak:
1. Sentralstyret viser til innspel frå prosjektgruppa, til tidlegare vedtak om å styrkja sekretariatet, og konstaterer at det pr no ikkje har vore mogeleg å følgja opp vedtaka på ein fullgod måte.
2. Sentralstyret ser at sekretariatet har mange og arbeidskrevjande oppgåver, og ber om at kontakten med lokallag og medlemer vert prioritert.
3. Sentralstyret kjem tilbake til eventuell styrking av sekretariatet til etter landsmøtet 2024.

Prosjekt medlemssystem LOP
Sentralstyret prioriterer å få på plass eit tenleg medlemssystem, og gjorde slikt vedtak: 
Sentralstyret viser til innspel frå prosjektgruppa, til Prosjekt medlemssystem LOP – framdriftplan, og har ikkje prinsipielle merknader til det skisserte opplegget i planen. Sentralstyret føreset at dette betyr:
1. Eit  felles, heilskapleg og sentralt basert medlems-system.
2. Det skal nyttast konsulenttenester i det vidare arbeidet med å innføra medlemssystemet, slik at sekretariatet kan prioritera primæroppgåvene.

Brev frå Senior Norge om nærare samarbeid
LOP har eit godt samarbeid både med Senior Norge, Forsvarets seniorforbund og Pensjonistforbundet. Senior Norge har sendt LOP eit brev om nærare samarbeid. Sentralstyret gjorde slikt vedtak:
Sentralstyret viser til brevet 10.01.24 frå Senior Norge, til innspel frå Rune Andersen i møtet, sender det over til prosjektgruppa, og ber om vurdering og tilråding om vidare prosess. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng  med gjennomgang av samarbeid med andre relevante interesseorganisasjonar for eldre. 

Private helseforsikringar
Saka var fremja av LOP Bergen og omland, og  vekte heftig debatt i sentralstyret, som gjorde slikt vedtak (med 4 mot 3 røyster):
Sentralstyret viser til brev frå styret i LOP Bergen og omland, og ser som lokallaget positivt på arbeidet for å skaffa LOPs medlemer relevante medlemsfordelar. Samtidig er sentralstyret prinsipielt imot å innlemma private helseforsikringar i ei slik ordning.  Vi meiner at det å teikna private helseforsikringar vil kunna legitimera eit todelt helsesystem i Noreg.

Strategisk og politisk beredskap
Dette har alltid vore viktig for LOP, og vert ikkje mindre viktig fram til og på landsmøtet 2024. Som kjent skjer det svært mykje i Oslo innanfor LOPs interesseområde. Eg tenkjer på Storting, regjering, departement, direktorat, arbeidstakarorganisasjonar, interesseorganisasjonar for eldre og sentrale medium. Difor er det viktig at LOP har etablert ein tydeleg strategisk og politisk beredskap, som kan agera både utover og innover til LOPs medlemer og lokallag.

 

Nils Mæhle
Nestleiar i sentralstyret i LOP

@