Rapport fra sentralstyret 2. kvartal 2021

Sentralstyret hadde møte 13. april, også denne gongen digitalt. Eg skal nemna to saker, og då med ei personleg vinkling: Informasjon om arbeid frå utval og komitéar og korleis driva informasjons-arbeid om LOP – generelt og i valkampen.
 

Informasjon om arbeid frå vervekomitéen
På møte 8. februar drøfta vervekomitéen (VK) spørsmål i tilknyting til at medlemsmassen i LOP har ein relativt høg gjennomsnittsalder. Det vart understreka kor viktig det er å rekruttera nye medlemer med ein gong når dei vert pensjonerte. Det vart gjort slikt vedtak: VK vil oppmoda sentralstyret om snarast å behandla spørsmålet om korleis LOP kan rekruttera  nye medlemer direkte etter overgang til pensjon.

Informasjonsarbeid om LOP
Det vart på møtet ei interessant meiningsutveksling, og mange gode framlegg til måtar å informera på. Personleg tenkjer eg slik rundt desse punkta:
1. Via relevante arbeidstakarorganisasjonar, lokalt og sentralt
2. LOP sentralt på bana, i høve til nasjonale politikarar og media
3. LOP lokalt på bana, i høve til lokale politikarar og media
4. Den einskilde medlemen, munnleg og skriftleg

Nedanfor tek eg med eit sakskompleks, som også vart lufta på møtet i sentralstyret.

Val og dei eldre – demokratiet under press
Me veit alle at demokratiet i dag er under sterkt press, både lokalt og globalt. Også Noreg har store ufordringar. Pr no er det 670 000 over 70 år i landet vårt, og ca 1,4 mill i 2060. Desse store tala viser på ingen måte igjen på stortingslister og andre vallister. Bergen eldreråd (eg er leiar) har behandla denne saka med tanke på valet i 2023, og gjorde slikt vedtak:

1. Bergen eldreråd meiner at det i åra framover er viktig å ivareta og styrkja demokratiet, både lokalt, nasjonalt og lokalt. Rådet er spesielt oppteke av det lokale demokratiet, der eldre er sterkt underrepresenterte.
2. Eldrerådet viser til at dei politiske partia i Bergen har mange uavklara spørsmål i tilknyting til lokaldemokratiet, og ber om at dei tek tak i denne utfordringa og gjennomfører relevante tiltak. Det kan vera
- iverksetjing av bydelsreforma eller tilsvarande demokratiske løysingar
- styrking av eldrerådet med omsyn til rolle og innverknad
3. Eldrerådet ber om at kommunen og dei politiske partia legg til rette for at eldre kan delta i aktivt politisk arbeid, t.d. gjennom bevisst planlegging av møteverksemd m.m, der organisering av og lengde på møta er viktige faktorar. Rådet ber også om at dei politiske partia ser til at eldre kan verta valde til politiske verv.

Nils Mæhle, nestleiar i sentralstyret, LOP

@