Rapport fra sentralstyret 2. kvartal 2022
To saker frå møtet 24. mars:
I saka om årsrekneskapen vart det gjort slikt vedtak:
1. Årsrekneskapen viser at det er eit visst rom for å styrkja sekretariatet.
2. AU får fullmakt til innanfor dei økonomiske rammene og eventuelt nye inntekter å førebu ei sak for sentralstyret.
Bakgrunnen for saka er at LOP har ein minimal administrasjon samanlikna med alle andre
organisasjonar det er naturleg å samanlikna seg med.
Sentralstyret vedtok også ei støttefråsegn til Ukraina:
Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) viser til den tragiske situasjonen i Ukraina, og vil sterkt oppmoda regjeringa om best mogeleg å leggja til rette for mottak av flyktningar. Vi vil peika på at eldre har spesielle utfordringar, t.d. med omsyn til helse og språk.
Fråsegna er send til statsministerens kontor og dei politiske partia på Stortinget.
Møtet og kurset 4. – 6. mai
Sidan eg ikkje deltok, må eg nøya meg med å nemna nokre av dei aktuelle sakene:
- Statsbudsjettet 2023
- Trygdedrøftingane 2022
- Fastlegeordninga
Verving
Etter planen skulle eg halda eit innlegg om verving på LOP-kurset. Eg skal kort nemna nokre av hovudpunkta:
1. Premissar for verving
- LOP har viktige oppgåver, t.d. trygdeoppgjer og statsbudsjett.
- LOP lite kjent mellom pensjonistar og i samfunnet elles. Viktig med nye medlemer, ikkje minst dei nye pensjonistane
2. Opplegget mitt
- I verveperioden 01.09. – 15.12.21 vel 50 nye medlemer.
- Starta med nær familie, som alle vart med etter omfattande forhandlingar.
- Tidlegare tilsette, kollegaer og kjende elles.
- Erfaring: Dei fleste vert med når dei får kjennskap til LOP. Det betyr at det er svært mange å henta. Alle medlemene har eit ansvar her.
3. Kontakt og samarbeid
Stortinget, regjeringa, relevante arbeidstakarorganisa-sjonar og pensjonistorganisasjonar. LOP har t.d. hatt fleire einskildmøte med leiar og dei to nestleiarane i
Arbeids- og sosialkomitéen og møte med Akademikerne og Skolenes landsforbund. Dei andre organisasjonane står på møteplanen.
4. Vidare arbeid
- Ny verveakasjon til hausten, 01.09. – 15.12.22.
- Satsing på alle måtar for å gjera LOP kjent. Personleg kontakt er viktig.
- Sosiale medium.
- Mediesatsing elles: Lokale medium (lokalaviser), regionale medium (aviser og radio/fjernsyn) og nasjonale medium (t.d. Dagsnytt 18 og Debatten).
- Styrking av LOPs administrasjon, som utgangspunktet er svært liten (ein person). Registrering av nye medlemer mm er arbeidskrevjande for ein underbemanna administrasjon.
Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP