Rapport fra sentralstyret 2. kvartal 2023
Unio
Unio er Noregs største hovudorganisasjon for
universitets- og høgskuleutdanna, og har om lag 400 000 medlemer fordelte på 14 forbund, m.a. Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet og Forskarforbundet.
LOP ved leiar, nestleiar og dagleg leiar hadde 17. april eit svært interessant møte med Unio (sekretariatssjef Jon Olav Bjergene og sjeføkonom Erik Orskaug). Møtet hadde grunnlag i gjeldande samarbeidsavtale, og møtet konkluderte med å vidareutvikla og utvida samarbeidet mellom Unio og LOP.
Senior Norge
Møtet var 18. april, og også her møtte LOP ved leiar, nestleiar og dagleg leiar. Senior Norge stilte med styreleiar Jon Rogstad og dagleg leiar Rune Andersen. Senior Norge har mykje til felles med oss, og har saman med LOP, Forsvarets seniorforbund og Pensjonistforbundet dei same rettane overfor departementet når det gjeld drøfting og forhandling om statsbudsjett og trygdeoppgjer.
LOP førebur også eit møte med Forsvarets seniorforbund. Av desse fire interesseorganisasjonane for eldre er det berre LOP som har fullt fokus på dei offentlege pensjonistane.
Pensjonistforbundet
Sentralstyret i LOP møtte 19. april Pensjonistforbundet ved leiar Jan Davidsen og generalsekretær Arne Halaas. Det vart eit interessant og nyttig møte. I dag er det eit godt samarbeid i samband med statsbudsjett og trygdeoppgjer, og begge forbunda ønskjer å utvikla dette samarbeidet vidare. Det same gjeld i andre saker vi har felles, t.d. avvikling av samordningsfella.
Sentralstyremøte 18.-19. april
Nokre saker:
Sak 13/23. Revidert budsjett 2023
Saka har også bakgrunn i behovet for å styrkja administrasjonen i LOP (i dag ein person).
Sentralstyret gjorde slikt vedtak:
Sentralstyret godkjenner revidert budsjett 2023, og vedtek at det skal tilsetjast i 1-2 stillingar, eventuelt på pensjonistvilkår. Oppgåver, stillingsomfang mm skal drøftast nærare. Leiar, nestleiar og dagleg leiar har fullmakt til å følgja opp saka.
Sak 16/23. LOPs særpreg og utviklingspotensiale
Møtet hadde ei brei og grundig drøfting av saka, som bygde på gode innspel frå ei arbeidsgruppe (Kjell Bugge, Sylvia Labugt og Gunnstein Emmerhoff).
Sentralstyret gjorde slikt vedtak:
Sentralstyret viser til viktige innspel frå arbeidsgruppa, og vedtek at det skal etablerast eit omfattande oppfølgingsprosjekt i to hovuddelar:
1. Eit meir generelt og prinsipielt prosjekt.
2. Spesielt i høve til Unio.
Punkt 2
Eit utval, Kjell Bugge, Sylvia Labugt, Gunnstein Emmerhoff, Kari Kjenndalen og Nils Mæhle, skal følgja opp. Sistnemnde lagar framlegg til innspel til Unio med frist 20. mai.
Nils Mæhle
Nestleiar i sentralstyret i LOP