Rapport fra sentralstyret 2. kvartal 2024
Eg skal nemna nokre:
LOPs organisasjonsprosjekt
Sentralstyret hadde ei inngåande behandling på dei to møta, og gjorde framlegg om at landsmøtet gjer slikt vedtak:
- Landsmøtet takkar prosjektgruppa for vel utført arbeid, og er einig i at LOP står overfor store utfordringar dei næraste åra.
- Landsmøtet viser til omfattande behandling og semje i sentralstyret, og godkjenner framlegga slik dei ligg føre etter behandlinga i møtet.
Fagpolitisk plattform for LOP
Berit Lånke tok saka opp på sentralstyremøtet i april. Møtet ønskte at ei arbeidsgruppe tek sak vidare. Gruppa har slik samansetjing: Berit Lånke, Sylvia Labugt og Åge Rosnes. Arbeidsgruppa har frist til 1. juni med å koma med eit 1. utkast, som går vidare til landsmøtet.
Sentralstyret gjorde slikt vedtak:
- Landsmøtet ser positivt på at sentralstyret har utarbeidt eit framlegg til fagpolitisk plattform for LOP.
- Landsmøtet viser til drøfting og innspel i møtet, og ber det nye sentralstyret om å ferdigstilla plattforma innan 1.10.24.
Andre saker
Sentralstyret behandla fleire andre landsmøtesaker, t.d. budsjett 2024-2027, kontingent, vedtekstendringar og saker frå lokallaga. For meg er det naturleg å trekkja fram ei sak frå LOP Bergen og omland: Store dilemma i dagens eldreomsorg, og LOP. Lokallaget viser til: «Befolkningsutviklinga i Noreg viser sterk vekst i talet på eldre og mange fleire med demens. Samtidig går talet på yrkesaktive dramatisk ned.» Lokallaget spør: Korleis skal kommunane løysa dette dilemmaet. Kva med rolla til eldreråda?
Takk for meg
Sidan eg takka nei til ny runde i sentralstyret, vert denne rapporten den siste frå meg. Eg takkar for privilegiet med fast plass i det gode bladet Vi i LOP, og slik kunna nå medlemene.
Eg ønskjer det nye sentralstyret til lykke med arbeidet for å gjera LOP til det beste og einaste logiske alternativet for dei offentlege pensjonistane.
Nils Mæhle
Nestleiar i sentralstyret i LOP