Rapport fra sentralstyret 3. kvartal 2021

Eg skal nemna to viktige saker, som også er gjengangarar på møta våre: 1. Verveaksjonen hausten 2021 og etablering av lokale verveutval. 2. Korleis driva informasjonsarbeid om LOP.

Verveaksjonen
LOP sentralt har sendt brev til lokallaga om aksjonen, med oppmoding om å etablera verveutval. Eg kan nemna at styret for LOP Bergen og omland har valt eit slikt utval. Desse er med: Kjellbjørg Lunde, Per Arne Rød og Nils Mæhle. Me har hatt eit første meir uformelt møte, og skal ha ordinært møte i siste del av august. Utvalet vårt skal rapportera til styret.

Informasjonsarbeid
LOP treng nye medlemer. Potensialet er stort: Tenk på alle tilsette i offentleg teneste. Døme er alle i kommune, fylkeskommune, statsforvaltar (tidlegare fylkesmann) og stat. Felles for alle oss er at me i yrkessamanheng har relativt låg løn kombinert med ein tilfredsstillande pensjon. Dette har me levt bra med: Løna er ikkje all verda, men me er sikra ein anstendig pensjon.
Noko tyder på at denne situasjonen kan endrast, jf pensjonsreforma mm. LOP er sterkt for at minstepensjonane kan løftast, men då ved løyving over statsbudsjettet. Me vil ikkje at dette skal løysast ved omfordeling av pensjonane våre.

Etter mi vurdering er me her ved den viktigaste grunnen til å melda seg inn i LOP. Eit stort og sterkt LOP vil hindra politikarane å gjera noko med pensjonane som er til ugunst for alle offentleg tilsette.

Grunnar for medlemskap i LOP
LOP listar opp 10 gode grunnar for medlemskap, jf, t.d. side 31 i dette bladet. Eg vil nemna endå ein viktig grunn, som kan formulerast slik: LOP arbeider for å sikra pensjonane til offentleg tilsette, som har relativt låg løn som aktive yrkestakarar.

 

Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP

@