Rapport fra sentralstyret 3. kvartal 2022
No skal eg trekkja fram nokre saker som er aktuelle for LOP:
Fastlegeordninga i krise
LOP har arbeidt svært aktivt med denne saka, t.d. i brev til helseministeren, innspel til statsbudsjettet og omtale i Vi i LOP. Svaret frå statsråden har vore: - Vi skal løysa saka i budsjettet for 2023.
Eg har lita tru på statsråden i denne saka. Ho er altfor kompleks til at nokre budsjettkroner er noka løysing. Saka bør handterast på regjeringsnivå, slik at det kan leggjast til rette for eit breitt kompromiss på Stortinget.
Pasientreiser
LOP har motteke mange klager. Stikkord er lang ventetid, omstendeleg og vanskeleg transport, uklare meldingar, digitale utfordringar og krav om dokumentasjon. Alt dette rammar spesielt eldre.
Lang ventetid
Her finst det ein omfattande dokumentasjon. På landsbygda kan det vera snakk om mange timar. NRK Troms og Finnmark (heimesida) melde tidleg i juli 2022: «Helge (83) gruer seg mer til reisen enn til sykehusbehandling. Helge Utby sier han måtte vente sju timer for skyss hjem, uten tilbud om mat eller drikke.» Også i byar kan ventetida verta lang. Eg har sjølv erfart det i Bergen.
Transporten
Det er oftast mange i same bilen, og det vert lett trongt og vanskeleg for sjuke folk. Med fleire adresser vert turen ofte svært lang for den einskilde.
Uklare meldingar
Det gjeld sjukehus og legar, men også sjåførar, som ofte ikkje meistrar norsk på ein tilfredsstillande måte.
Digitale utfordringar
Pasientreiser tek utgangspunkt i at pasientane meistrar det digitale. Me veit at slik er det ikkje, og spesielt vil eldre her ha utfordringar. Det inneber at dei som mest har behov for ordninga med pasientreiser, vil ha store problem når det gjeld utfylling av søknad m.m.
Krav om dokumentasjon
Pasientreiser gjeninnfører dokumentasjonskravet: «Fra 1. juni 2022 må du som pasient vise dokumentasjon fra behandleren din for å få dekket tilleggsutgifter som parkering, bom og bilferge hvis du har kjørt bil til behandling.» Eg ser gode grunnar for dette kravet. Samtidig vil slik byråkratisering stilla nye krav til pasientane, spesielt dei eldre.
Facebook og andre sosiale plattformer
-problemet med sletting
Alle brukarar kjenner denne problematikken. Det er svært vanskeleg, nærast uråd, å få kontakt med dei ansvarlege for dei ulike plattformene. Dette vert spesielt problematisk når nokon døyr. LOP vil gjerne ta denne saka opp med relevante instansar på nasjonalt nivå.
Folkevaldopplæring og eldreråda
Eg har forstått at Pensjonsistforbundet vil at eldreråda skal få ei eiga opplæring, og då gjerne i regi av dette forbundet.
Eg meiner prinsipielt at det er svært uheldig at eldreråda får ei anna opplæringa enn dei andre folkevalde organa i kommunen. Ei felles opplæring vil også gjera at dei ulike folkevalde organa (inkludert eldreråda) vert kjende med kvarandre heilt frå starten av ny valperiode.
Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP