Rapport fra sentralstyret 4. kvartal 2021

Sentralstyret hadde møte i Oslo 26.-28.10. Dette vart ei storhending, første gongen det nye sentralstyret, valt januar 2021, møttest rundt same bordet. Før berre digitale møte.

Eg skal nemna nokre av sakene:

Statsbudsjettet 2022. Både framlegget frå Solberg-regjeringa og då det komande tilllegget frå Støre-regjeringa. LOP vil m.a. ta opp spørsmål i tilknyting til eldre og tannhelse.

Statsbudsjettet 2023. Sentralstyret legg opp til eit omfattande arbeid, m.a. behandling på møte i sentralstyret 23.11. (digitalt). Arbeids- og sosialdepartement har invitert til første drøftingsmøte 13. desember 2021.

Hurdalsplattforma. Også den kjem igjen på møtet 23.11.

Helseattest for eldre bilførarar. Manglande oppfølging av vedtak i Stortinget. LOP skriv brev til samferdsleminister Jon-Ivar Nygård og til Transport- og kommunikasjons-komitéen på Stortinget.

Fastlegordninga er i krise
LOP skriv brev til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og til Helse- og omsorgskomitéen på Stortinget, Helsedirektoratet og KS.

Møte med redaktøren
Sentralstyret hadde eit positivt møte med redaktøren i Vi i Lop, Margaretha Hamrin. Ho orienterte om arbeidet med bladet og svarte på spørsmål frå sentralstyret.

 

Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP

@