Rapport fra sentralstyret 4. kvartal 2022
To saker frå møtet 7. september
Opplæring av eldreråda
Det vart gjort slikt vedtak:
Komité for eldrerådsarbeid utformer et brev om opplæring av eldrerådene, som sendes til
- Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
- KS
- Senteret for et aldersvennlig Norge
- Lokallagene
Poenget til LOP er at eldreråda etter kommunelova er organ på linje med dei andre kommunale organa, og skal difor delta i den felles opplæringa av folkevalde i kommunen.
Verveaksjon hausten 2022
Her viser eg til brevet som er sendt til lokallaga om verving. Det er snakk om ein relativt kort periode hausten 2022 (1. november – 31. desember 2022), og ein lengre periode i første halvår 2023. Det er viktig at både lokallag og einskildmedlemer engasjerer seg i vervinga. Personleg har eg hatt stor glede av dette vervearbeidet. LOP har ei unik oppgåve på vegner av dei offentlege pensjonistane, på nasjonalt plan drøftingsrett i høve til trygdeoppgjeret og forhandlingsrett for statsbudsjettet. Pensjonistforbundet har dei same rettane. For LOP er det viktig å ha mange medlemer bak dette viktige arbeidet vårt.
Oppgåver
LOP har to hovudoppgåver: 1. Sosiale. 2. Fagpolitiske
Sentralstyret vil naturleg leggja hovudvekta på dei fagpolitiske oppgåvene. Døme:
Trygdeoppgjeret (jf pensjonar) og statsbudsjettet, samordningsfella, fastlegeordninga, ordninga Pasientreiser, tannhelse for eldre, behovet for nye sjukeheimsplassar, god heimeomsorg, rekruttering av fagpersonale til helse- og omsorgssektoren, ernæring for eldre og andre relevante saker.
Lokallaga vil ha fokus på meir sosiale oppgåver, møta kvarandre i medlemsmøte og på turar. Medlemsmøta har også ofte eit klart fagpolitisk innhald med interessante fagpersonar som førelesarar.
Samtidig er det naturleg at lokallaga tek opp aktuelle saker i vertskommunen, t.d. knytte til helse- og omsorgssektoren. Og eg vil understreka: Lokallaga må arbeida for å få medlem(er) i eldrerådet i kommunen.
Nils Mæhle
Nestlleiar i sentralstyret i LOP