Adventsmøte på Sinclair Kvam 6. desember 2018

Godt 50 hadde funne seg ein plass rundt eitt av borda som stod pynta i eit godt og varmt lokale.

Leiar Brit ynskte vel møtt og ga så ordet til ein av eigarane på Sinclair,   Weikle.Han gjorde greie for korleis det var å drive staden etter at E6 vart lagt om: brukbart om sommaren og utfordrande om vinteren.Såleis sette dei pris på alle arrangement som vårt.Likeins skrytte han av dei tre jentene som i praksis stod for den daglege drifta.

Hovudtalaren var lektor Arild Teigen, kvamver og historiekunnig.Sidan vi var på Sinclair, hadde han som tema ”Skottetoget i 1612, fakta og myter.Gjennom illustrasjonar og forteljing  ghav han oss eit balansert bilde av det som kan dokumentarest og det som er å rekne for oppdikta.I det heile mange hendingar det ikkje er grunn til å vera stolte over for ”dølane”.

Menyen var tradisjonell julemat;ribbe,pølse,kjøttkaker,sur- og raudkål og riskrem til dessert. Det synte seg at rosen kjøkkenjentene fekk, var fullt fortent, for maten smakte svært godt. Sidan vi er i adventstida, var det på sin plass å syngja nokre julesongar, og det lydde bra. Etterkvart som alle hadde avslutta med kaffe, var det tid for å trekkje gevinstar;sjokolade og vin til dei heldige.

Etter at Brit hadde avslutta og ynskt god jul og vel møtt på det nye året, song vi Deilig er jorden.

@