Bowling på Klubben Vågåmo

Det møtte 16 kamplystne Lopmedlemar til bowling torsdag den 12.oktober. Det er alltid spennande kor mange som tek turen når vær og føre kan by på utfordringar. Men her var folk frå Vinstra i sør til Dombås i aust.

I tillegg dei meir ”stuttreiste” frå Otta og Vågå. Humoren sat laust, og alle tok del i tap og sigrar med same sinn.Ein elgjegar synte seg å vera meir treffsikker enn dei fleste, så Kåre Gravaa skåra flest poeng.

Etter kampen gjekk vi til Bokhandelen kafe der det stod eit dekt langbord klart for lunsjservering.Så gjekk praten om laust og fast,Bjørn delte ut gratislodd, så sume fekk fornya blomsterparken sin.Stemninga for bowling att om eit  år var positiv.

alt

alt

alt

alt

alt

alt

 

@