Dagstur til Kvikne og Espedalen.

Det var frammøte ved Kvikne kyrkje, og der vart det servert kaffe og kringle i Kyrkjestugu.Vi fekk også ei orientering om kva som særpregar denne delen av bygda,både i fortid og nåtid, ved Marit Håkenstad, som var hovudansvarleg for opplegget denne dagen.

Før vi avslutta stunda i Kyrkjestugu, vart  Bygdesong for Kvikne sunge, og det let rett så fint i pensjonistane! Da hadde vi også vorte presenterte for omvisarane Magnar Wistad og Kristian Ekre som tok oss med til Borg bygdemuseum og kyrkja.

Borg er opprinneleg bustaden til Olav Aasmunstad, som etter mange år rundt på ulike folkehøgskular,i Noreg og Danmark,kom attende til heimbygda.Han var ivrig forkjempar for nynorsken og ungdomslagsrørsla.Såleis gav han Borg til Kvikne ungdomslag, men i dag er det bygdemuseum. Aasmunstad hadde ei tid leigt ut husrom til kunstnaren Lars Kinsarvik,og mykje av det  vakre inventaret var laga av han, som  t.d; skåp og ornament i sagastil.

Om vi var imponerte over arbeida til Kinsarvik, vart vel undringa enda større inne i kyrkja. Skurden på preikstol og altartavle er skore av den velkjende treskjæraren Eistein Kjørren, og skal vera av det vakraste i sitt slag. Elles var det lokale handverkarar som sette opp att kyrkja da ho vart fløtt dit ho står i dag etter at Storofsin hadde rasert delar av bygget.

Så gjekk ferda vidare gjennom Tverrbygda og Skåbu til Espedalen og Ruten fjellstue.

Der vart vi trakterte med stuttreist sik frå fjellvatna like ved, alt i alt eit velsmakande måltid. Men Espedalen skulle vise seg å ha ei spanande historie som namnet Verksodden er eit minne om. Det var Rolf Megrund som fortalde frå tida på 1800-talet da det vart sett i gang gruvedrift  for å vinne ut nikkel i Espedalen. Eit heilt samfunn vart etablert, med skule,samfunnshus og bustader for fleire hundre menneske. Men drifta vart ulønnsam og problema melde seg, mellom anna med å skaffe nok mat til så mykje folk. Såleis vart industrieventyret heller stutt.

Men Verksodden er i dag eit uvanleg vakkert område med ei vakker kyrkje frå 1974 fint plassert inne i furuskogen. Rolf Megrund gav oss ei innføring i historia til kyrkja og bruken av ho. Gravplassen er ute på Gravholmen, og blir nytta både av fastbuande og hyttefolk. Berre så leitt at dei fastbuande blir færre og færre.

Det vart ein svært innhaldsrik dag på alle måtar, ikkje minst takka vera god leiing og flinke omvisarar. Ein treng altså ikkje reise så langt for å lære nytt og få interessante og lærerike opplevingar. I tillegg har det sosiale på ein slik tur stor verdi.Vi gler oss til den neste!

Reidunn Snerle
sekretær

alt

alt

alt

alt

alt

@