Dagstur til Ringebu stavkyrkje, Ringebu prestegard og Dalegudbrands gard på Hundorp

Torsdag den 24. juni 2021 dro 33 Lop-pensjonistar til Ringebu for å oppleve stavkyrkja og prestegarden. Mange har nok vore der før, medan andre fekk eit første, og sers vakkert møte med denne unike staden i dalen.

alt

Ein ung omvisar fortalde i grove trekk historia til kyrkja, medan vi satt coronavenleg på annankvar benk og kunne nyte smakfull dekormåling og framifrå treskurd.

alt

Så rusla vi opp til prestegarden like ved, på ei høgde med ein storslått hage nedanfor. Prestegarden er ein stiftelse, driven av ivrige dugnadsfolk frå området, og Einar Høistad tok imot oss og baud på rømmevaflar og kaffe.  Så vart gruppa delt i to. Ei gruppe følgde Høistad gjennom ei stor og spennande kunstutstilling, som i år omfatta heile 22 kunstnarar, medan den andre gruppa fekk omvisning i den fantastiske hagen, som td har rundt 150 forskjellige sorter roser.

alt

Til slutt gjekk turen til Dalegudbrands gard på Hundorp, der ein svolten gjeng fekk nyte laksemiddag med dessert og kaffe i det spesielle skulerommet, med bilete av Ragnvald Einbu. Rasmus Stauri fortalde levande om tida med folkehøgskulen, som han sjøl hadde barndomsminne frå, og han avslutta med å vise rundt i musédelen på garden. Heile boksamlinga til skulen og mykje anna interessant var samla der. Nok ein sers vellukka tur å takke turkomiéen for!

alt

1000 års-jubiléet for Olav den Heilage sitt møte med Dalegudbrand blir feira denne sommaren, så det er all grunn til å vera vakne om kva som skal skje der utover.

 

 

Liv Storbækken
Sekretær

@