”Den gyldne omvei” Lop-pensjonistar i Gudbrandsdal på tur

Denne gongen var det Trøndelag og særleg Inderøya som var målet for turen.”Den gyldne omvei” er ein avstikkar frå E-6 og  går gjennom vakkert kulturlandskap. Det er eit samvirketiltak med 20 ulike medlemar som tilbyr eit mangfald av  kultur, kunst og matopplevingar. Imponerande korleis dei gjennom samarbeid og felles innsats hadde skapt eit framifrå tilbod  for tilreisande og eigne innbyggjarar.

Såleis var det mykje å sjå fram til for 41 LOP-pensjonistar som sette seg på bussen . Fyrste etappe gjekk over Dovrefjell.Det var ingen moskus å sjå denne dagen.I staden fortalde Haldis Skuterud,opprinneleg frå Oppdal, om heimbygda si før og nå. På Oppdalsporten venta dekka bord med kaffe og rundstykke,og så var Trondheim neste stopp.Men før vi var framme der, tok Ingrid Sørli Dokken oss  med inn i Kristin Lavransdatter vandring mot Nidaros ved å lesa frå Korset.  I Trondheim var veret lugomt for byvandring.

Frodig landskap på alle kantar kom til syne  ettersom vi nærma oss Inderøya. På høgda før vi kom ned til Jægtvolden hotell, kom Oddbjørg Rindhølen om bord i bussen Etter mange år i Heidal er ho attende i heimbygda og var med som guide for oss . Frå Jægtvolden var det vakkert utsyn over Trondheimsfjorden og eit særs flott parkanlegg.Etter ein god middag og lang reisedag var det tid for avslapping.

Neste dag starta vi på Straumen, sentret på Inderøya.Namnet kjem av at her er Noregs nest største havstraum.  Per Vatn tok  imot og guida oss gjennom Muustrøparken.Den låg idyllisk til langs Granaelva og inneheld 11 skulpturar av Nils Aas, den kjende kunstnaren som levde på Straumen. Vi besøkte også Nils Aas kunstverkstad .”Den syngjande flyndre” er hans verk og står på tusenårsstaden.

Per Vatn  bad oss etter omvisninga i parken med til eigen hage.For oss som kjem frå fjellbygdene i Gudbrandsdalen, var dette som å koma i Edens hage, eksotisk ,velstelt og frodig.

 Lunsjen fekk vi på Gullburet gardsbutikk og lunsjkafe.Mat av eigne produkt, frå eige bakeri og bryggeri stod på menyen her, og maten vart servert i Bestemorstua.

Men før lunsj hadde vi besøkt Gangstad Gardsysteri.Her produserer dei iskrem og eit titals ulike ostar på mjølk frå dei 40 kyrne sine.Alle plassar vart vi møtt av  trivelege vertsskap. Slik og på Øyna, restaurant på ”taket” av Inderøya.Her hadde dei starta i det små med putballbane og utvida etter som etterspurdnaden voks til dei i dag har tre ulike selskapslokale med plass til bortimot 300 gjester.

Tredje dagen gjekk turen over Frosta og Tautra, med innlagt stopp i Falstadskogen.Her hjelpte det ikkje om sola skein,ei dyster stemning inntok oss alle ettersom vi vart minna om det umenneskelege som hadde gått føre seg her under krigen. Johan Lie kunne og fortelje om tida da det var skule for elevar med tilpasningsvanskar på Falstad.Det var heller ikkje like triveleg kunnskap.

Nok ein gong hadde vi glede av å få om bord lokalkjende guidar. Frosta er omtala som Trondheims kjøkkenhage; grønnsakproduksjon,anten i  drivhus eller på friland, så langt auga rokk.

Ein stopp ved bautaen ”Til minne om gamle Frostatinget” og besøk i  gamle Logtun steinkyrkje vart avslutninga på Frosta. Solfrid Nårstad var her på heimlege trakter og fortalde på turen vidare .

Men før vi kom så langt , hadde vi vore på Tautra og sett  Maria- klosteret og kyrkja, båe kledde med Otta-skifer.

Stor takk til sjåfør Janisz frå Polen for stø og trygg kjøring, og til  turkomiteen ved Reidun og Birgit for god planleggjing og gjennomføring. Tre dagar med sol og varme i Trøndelag gjorde og sitt til at dette vart ei eventyrleg reise.

 

Reidunn Snerle
sekretær

 

alt

 

alt

alt

alt

alt

alt

@