L0P –pensjonistar på dagstur til Lesja

Ein treng ikkje reise så langt frå heime for å få gode opplevingar og ny kunnskap. Det erfarte i alle fall 35 LOP-pensjonistar frå avd. Gudbrandsdal da dei møttest ved inngangen til Lorkverna på Lesja sist onsdag.

Der tok to staute karar imot oss, Rolf Sørumgård og Oddvar Romundset,båe sterkt engasjerte i Lesja historielag.Før vi tok fatt på den vel ein kilometer lange stigen langs med elva Jora, fortalde dei om aktiviteten ved Lorkverna frå gamalt, og om oppattbyggjinga til eit levande museum.Ved Lorkverna  kan du vera med på maling av korn, stamping av ull, kolbrenning og jernutvinning.Ein naturstig med   meir og mindre synlege spor etter sagbruk,kolbrenning og kvernbruk finst langsmed stigen. Ei kvilebu til bruk for dei som passa kolmila,  var og oppattbygd.

Framme ved sjølve Lorkverna smakte det godt med kringle og kaffe kokt på svartkjel.Plassen mellom dei ulike husa var lugomt tilrettelagt med solide trebord og benkar.Elvesusen frå Jora og sol frå mest skyfri himmel skapte ei fin ramme om kaffepausa.Etterpå fekk vi vera med på maling av mjøl og stamping av tekstil,noko kanskje ingen hadde sett i praksis før.

Vel attende i bilane gjekk turen til Tunstugu og lunsj.Etterpå var det høve til å bli med på guida tur i kyrkja og i Reinens rike – utstllinga, sjå  biletvev  laga av Rakel Onsum Berg , draktutstilling,maleriutstilling og fløytarutstilling: altså noko for kvar  smak.Berre å rusle rundt i tunet var også triveleg.

Dagsturen vart avslutta på Avdem gardsysteri og Avdemsbua og den nye ”Gulosten”.

På ysteriet vart vi tekne godt imot av vertsskapet Sigurd Avdem og Åse  Haugstad.Dei fortalde om arbeidet med å starte  osteproduksjon av mjølka produsert på garden,om prøving og feiling,men også suksessar.Etterspurdnaden etter dei etterkvart åtte ulike produkta var til tider større enn dei greidde å produsere, særleg etter at ”Gulosten” vart opna. Dei la vekt på det gode samarbeidet med Tine og Gudbrandsdalsmat.Vi fekk smake fleire ostetypar etterkvart.På Avdemsbua var det høve til å kjøpe kaffe og det ein måtte ynskje av produkta i ”Gulosten”.

Dagsturen til Lesja var innhaldsrik og vellykka.  Vi skuldar dei som tok imot oss stor takk; Lesja historielag ved Rolf Sørumgard og Oddvar Romundset, Lene Sørumgård Syse for god traktering og Avdemsfolket på ysteriet og i ”bua”.

 

Reidunn Snerle
sekretær

 

alt

 

alt

alt

@