LOP – dølar i vesterled

Landslaget for off.pensjonistar avd. Gudbrandsdal ved turkomiteen arrangerte 26.mai busstur til Vestlandet. Målet med turen var mellom anna å oppleva fruktblomstringa langs Sognefjorden, nærare bestemt utover frå Luster til Hermannsverk og Leikanger.

Men fyrst laut vi ta farvel med snødekte fjell frå øvst i Bøverdalen og vidare over Sognefjellet. På Sognefjellshytta var det kaffestopp og høve til å studere det spektakulære tilbygget. Ferda gjekk så vidare  ned i dalen. Der var sommaren godt i gang, friskt grønt gras og blømande frukttre langs ein blekkstill fjord med sol frå skyfri himmel. Kva meir kunne ein be om?

I Leikanger såg vi oss rundt i den freda prestegardshagen.Det spesielle der var store og eksotiske treslag som t.d apetre, men også vakre blømande rhododendronbusker.Men mest av alt dei enorme frukthagane  som for det meste stod i full blomst.

Lunsjen vart servert på Fjordkroa, og i finværet var det svært så triveleg å sitja på uteterassen heilt i sjøkanten.

Før Fjærlandstunellen overraska turkomiteen med ekstra stopp og servering av edle dråpar mens vi samstundes kunne nyte den vakre utsikta over Fjærlandsfjorden.

Heimturen gjekk om Fjærland til Skei og vidare heim om Strynefjellet.

Ola Grøsland og Ivar Teigum guida oss på delar av turen,og elles syrgde sjåfør Stig Haverstad  for både  trygg kjøring og muntre kommentarar undervegs. Om bord i bussen var det dessutan både allsong og rebusoppgåver, så sjøl om turen strekte seg over meir enn tolv timar,leid vi inga naud.

Stor takk til turkomiteen Reidun Formo, Birgit Dyrset og Ola Grøsland for opplegg og gjennomføring av turen.

 

Reidunn Snerle
sekretær

alt

alt

alt

alt

alt

alt

 

@