Lop – medlemar på julbord, Fefor høyfjellshotell 9. desember

 I alt 19 Lop – medlemar deltok på julbordet saman med mange andre grupper. Eit julepynta hotell og  eit vinterleg landskap møtte oss.  I ei peisstove som var avsett til oss, fekk vi velkomstdrink , og det  var tid for sosialt samver før sjølve julbordet vart servert.Vi var med på fyrste bordsetjinga.Her vanta ikkje noko på dei velfylte matfata.

Utover kvelden vart det musikk i dansesalen.Fyrst av husorkesteret, sidan av 5Åver frå Lalm.

Sume trødde dansen medan andre berre lydde på det som vart framført. Dei fleste hadde tinga overnatting. Såleis kunne vi eta frukost (brunch) i lag før vi reiste kvar til sitt.

alt

alt

alt

alt

alt

@