LOP-pensjonistar på Gjendecruise

Da vi tok kontakt med Harald Øvstedal om ein pensjonisttur på Gjende, var svaret: ”Kvifor ikkje likeså godt leige heile båten?” Og slik vart det!

65 pensjonistar frå LOP avd.Gudbrandsdal kunne onsdag den 5.september gå om bord i ”Kåre Johan” i Gjendeosen for å  oppleva tur på Gjendevatnet ,som i dag  låg heit stilt, smaragdgrønt som alltid, og med streif av sol. Etter velkomsthelsing  frå skipparen sjøl, overtok styrmannen ordet og orienterte om det vi såg på turen fram til Memurubu. Frå kjøkkenet på  Bessheim vart det servert lokale smakar og kaffe, så her fekk alle sansar sitt! Når vi i tillegg fekk høyre om Gjendine og Jo Gjende og ei og anna rispe frå livet ved Gjende i tidlegare tider,gjekk det fort at vi var framme i Gjendebu.Der hadde verten fyra opp på skorsteinen i Gjendinestova, og han fortalde levande om da Gjendine vart fødd og døypt i Gjendevatnet. Gjestene frå LOP kvitterte med å syngje ”Gjendines bånlåt”. Vi hadde god tid til å rusle rundt  i Gjendebu og nyte finveret og det vakre landskapet før ”Kåre Johan” tok oss attend til Gjendeosen.

Etter båtturen på Gjende tok vi inn på Bessheim,  der det var dekt på til lunsj. Vi hadde invitert to gjester frå LOP sentralt med på turen : dagleg leiar Karin Woldseth og vår kontakt frå styret , Astrid B.Bayegan.Båe sette stor pris på det dei hadde opplevd denne dagen, og ettersom dei  ikkje hadde vore ved Gjende før, vart det   ekstra stort for dei. Dei var imponerte over  kor mange av medlemane i LOP avd. Gudbrandsdal som var med på turen.

Da er det berre  å kunne fastslå at opplegget for turen var godt, og dei som hadde æra for det, fekk takkens ord og påskjønning:

Marit Håkenstad som hovudansvarleg for tur opplegget, og Reidun Formo og Ola Grøsland for  verbale innslag undervegs.

Takk og til Bessheim for god mat og til mannskapet på ”Kåre Johan”.

Etter lunsjen på Bessheim var det nokre som gjekk ”Huldrestigen”. Da fyrst kom det regnet vi hadde frykta tidlegare,men  det vart likevel ei fin avslutning på ein storarta dag i Jotunheimen.

 

Reidunn Snerle
sekretær

alt

alt

alt

alt

alt

alt

@