Pensjonistlunsj på Vianvang

Tysdag syttande juni kunne medlemar i Landslaget for offentlege pensjonistar avd.Gudbrandsdal leggje turen til Arne Brimi og Vianvang. Dette var noko vi lenge hadde gledd oss til.

Ein kald nordavind følgde oss siste stubben til gards, men så vart det lunt og godt med gløtt av sol.Vermde gjorde også velkomsta vi fekk av verten sjøl.Han baud på varm suppe og lefsebeta ved utepeisen.Arne ga oss eit innblikk i drifta av Vianvang gjennom åra og om nye prosjekt i Brimiland.

Ikkje minst gjer det inntrykk å høyre om den filosofien som ligg i botnen av hans måte å by fram Vianvang på:ekte og lokale råvarer ,oppleving framfor ”kommers”,og høgast mogleg kvalitet på absolutt alle plan. At han har lykkast med dette fekk vi stadfesta i rikt mon: mange og gode smaksopplevingar i eit unikt bygningsmiljø.

Det var ein svært tilfrds flokk av spreke pensjonistar som rusla nedgjennom vegen frå Vianvang etter ein på alle måtar innhaldsril lunsj.

 

Reidunn Snerle

sekretær

IMG_6556.jpg
IMG_6558.jpg
IMG_6561.jpg
IMG_6563.jpg
@