Referat frå dagsturen til TOFTE KONGSGARD i september 2021

Heldige er vi i LOP Gudbrandsdal som onsdag 22. september fekk lov å vitje denne staslege Kongsgarden på Dovre. Vêret var med oss denne gongen og, så vi fekk ei god stund til å rusle ute   og nyte synet av eit utruleg velstelt tun og alle dei vakre og spennande husa på denne sagnomsuste garden. Heilt frå Harald Hårfagre si tid og fram til 1600-talet var garden krongods, så vart den seld til Hans Paulsen frå Tolstad.

alt

Olav Tofte, eigaren i dag, var venleg å opne tunet og Stolpestugu for oss og sto til disposisjon med interessant informasjon. Garden har millom anna to store våningshus, klokkehus, bygd saman med to stabbur og aurbu, stort fjøs og stall til 10 hestar.

Vi vart delte i to grupper, og så tok Øyvin Byre ei og ei gruppe med inn i Stolpestugu og informerte om garden, om den gamle, vakre stugua med tresøyla i midten og om Harald Hårfagre og den vakre Snøfrid.  

Marit takka Olav Tufte ved å overrekkje stamtavla hans tilbake til Harald Hårfagre, og Birgit takka både han og Øyvind med edle dråper frå oss alle – for ein dag vi seint vil gløyme! Så gjekk turen til god lunsj på Toftemo Turiststasjon, ein gong skild ut frå Tofte gard.

 

Liv Storbækken
sekretær

@