Referat frå julemøte på Dale Gudbrands gard 9.desember 2015

Lite som vitna om vinter og førjulstid  i det store og vakre tunet, men inne var det julepynt og varm stemning som møtte dei 35 som kom til Hundorp denne dagen.

Leiar Brit ynskte velkomen med tre vers frå Håvamål som har tankevekkjande visdomsord som høver også i vår tid. Vel benka rundt langborda fekk vi servert juletallerken, alt smakfullt tillaga.Seinare vart det riskrem og kaffe.

Hovudgjesten var Rasmus Stauri.Han la fram historia til skulestaden på ein svært lærerik og interessant måte.Ikkje minst alle fotografia og anekdotene som Rasmus  så levande fortalde,  gjorde det heile til ei svært god oppleving.

Rasmus hadde også med seg to spelemenn på trekkspel utanom seg sjøl på fele.Dei ga til beste nokre feiande nummer og spela og til allsongen rundt bordet. Både Julekveldsvisa og Det lyser i stille grender ljoma i matsalen.

Så vart det trekt gevinstar på inngangsbilletten, sume vart eigar an konfekt, andre ei vinflaske.

Brit orienterte om planer for datakurs på nyåret om mange nok er interesserte.

Terje Lindby runda av og takka for ei triveleg stund med ynskje om god jul til alle.

 

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

alt

@