Bedriftsbesøk Langavatn
Bergensaren Nordahl Grieg måtte reise til Shanghai for å oppdage at vatn er ei velsigning. Og han er i godt selskap: Ein vestlending vil neppe påstå at vi har nok vatn. Vi har meir enn nok! “Vann som renner, vann om risler, vann om våren, vann om høsten”.
Så mange melde seg på bedriftsbesøket på IVAR sitt ferskvassanlegg ved Langevatn, at vi måtte arrangere to turar.
Anlegget forsyner 330 000 personar med vatn, og sender ut 1500 liter i sekundet!
Vi fekk ei grundig orientering om vatnet si reise frå inntakskjelde til heimekran: Ozonbehandling, marmorfiltrering, biologisk filtrering, UV-stråling og til sist, tilsetjing av ei lita mengde klor.
Gjennom omvisinga på anlegget fekk vi innblikk i dei ulike prosessane og, ikkje minst, ei forståing for dimensjonane på dette anlegget.
Vatn seiest å vere den mest utbreidde kjemiske samanbindinga på jorda. Vi veit alle kva godt vatn er, men etter dette interessante besøket i ferskvassanlegget, veit vi og at det reine friske vatnet som kjem ut or krana heime, ikkje lagar seg sjølv.
Bjørg Brekke Sørskog