Førjulsfest 2022

alt

Referat frå førjulsfesten.

30. november 2022 kunne vi endeleg møtast til førjulsfest igjen.

Arne Torvanger bidrog til feststemning med taffelmusikk frå Schiedmayerflygelet på scenen i festsalen på Klepp rådhus.

Eit vakkert bilete, signert kustnaren Marit Eik, stod godt synleg på scenen, og venta på den heldige vinnar.

Ein julepynta sal, med mange langbord med raude dukar, høgbretta julesevietter og julestjerner var fort fyllt opp. 175 menneske oppevde at stemninga var på topp frå start til slutt.

Leiar i LOP Rogaland sør, Bjørg Brekke Sørskog, helste alle velkomne med gode ord, og vi stemde i med Luciasongen.

Deretter helsa vår nasjonale leiar, Rannveig Bærheim frå LOP nasjonalt, og minna oss om viktgheita av arbeidet LOP gjer. Ho orienterte om innspel til statsbudsjettet 2024. Det kjem orientering om dette i medlemsbladet «Vi i LOP» på nyåret.

Derettter fekk kommentator og tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, ordet.

Han tok oss med ord og bilete med på «Ei vandring inn i pensjonistlivet - Ferdaminne frå ein tur frå Sirdal til Galdhøpiggen sommaren 2016.»

Vi fekk alle høyre korleis vandring i fjellheimen gjev rom for refleksjon, tankar og kjensle av fred og fridom. Applauderinga i etterkant viste at vi sette pris på formidlinga.

Fellessong med julekveldsvisa innleia festmåltidet, med smørbrød, kaffi, brus og marsipankake.

Praten rundt borda tyda på god stemning. Etter kvart kom Frimenn-orkesteret og bidrog med musikk, før heile mannskoret Frimenn inntok scenen, og underheldt oss med stemningsfull mannskorsong. Vi fekk høyre song frå Hellas, draumen om Zanzibar, vandringsmann, song om lengt: «Når lysenen tennes der hjemme», «Min julesong» av Tobias Skretting vart framført, og koret avslutta med «Lang tid tilbake hendte det..» der Tor Salte song solo.

«Frimenn» bidreg til humanitert arbeid, og LOP gav støtte til dette som takk for den flotte underhaldniga.

Etter denne kulturøkta var det tid for LOP-alvor.

Alle kommunar skal etter lova ha eldreråd. Gunnstein Emmerhoff, frå LOP, Rogaland sør, som og er vara i styret for LOP sentralt, gjorde greie for kor viktig det er at LOP-representantar jobbar med dette, og gjerne stiller som medlem i eldreråd.

Vårprogrammet 2023 vart kort gjenomgått. Vi arrangerer m.a. LOP-reise til Spania etter påske, sjå i tilsendt program eller på https://lop.no/lokallag/rogaland/sandnes-og-jeren/program-for-varen-2023

Alle fekk loddnummer ved inngangen, og trekninga vart imøtesett med stor spenning. Det vakre utstilte Marit Eik-biletet vart vunne av Rasmus Svihus.

Kunstnaren overraska med eit ekstrabilete, og den heldige vinnar av 2. premien var Ruth Ingunn Oftedal Njaa.

Bjørg Brekke Sørskog takka alle frammøtte. Arne Tveranger slo tonen, og til allsong «Deilig er jorden» vart julefesten 2022 avslutta.

 

 

@