Referat frå medlemsmøte ,onsdag 25.09. 2019 kl. 11.00 – 13.20, Frøyland og Orstad kyrkje

07. oktober 2019

Referat frå medlemsmøte 25.09.19.

Føredrag: «Alkohol og det gode eldreliv» med Fanny Duckert, professor emeritus i psykologi og klinisk spesialist, UiO.

Når vi snakkar om alkoholbruk, er vi i ei gråsone, seier Fanny Duckert: Når er alkohol berre ei glede, og når er/vert det eit problem? Spørsmålet har ingen klare svar. Det ein heller bør spørje om, er korleis hindre at ein når problemstadiet. Dei siste 20 åra har drikkevanane våre endra seg: Andelen totalavhaldsfolk har gått dramatisk ned. Både kvinner og menn over 60 har dobla alkoholforbruket sitt.  Regelmessig forbruk er mest vanleg, og det er få som drikk store mengder om gongen.

Som årsaker til auka forbruk nemner Fanny Duckert  høg utdanning, god inntekt, urbanisering, individualisme, liberale haldningar til alkohol i samfunnet, god helse. Samstundes toler kroppen mindre alkohol når ein vert eldre. I tillegg til dette, veit ein at forbruket medisinar aukar med alderen, og uheldige interaksjoneffektar mellom alkohol og medisinar er mange: Auka risiko for høgt blodtrykk, blødningar i mage- og tarmsystem, dårlegare oppsuging av medisinar, sløvheit, nedsett psykomotorisk funksjon, leversjukdomar, slag, brystkreft.

Fanny Duckert omtalar alkoholproblem er vårt siste tabuområde: Det er skamfullt å ikkje ha sjølvkontroll. Å spørje om andre sine alkoholvanar er like pinleg som å spørje om seksualatferd. I tillegg er vi både  usikre på,  og ambivalente til, kva eit alkoholproblem faktisk er.

Det er viktig å erkjenne følgjande:

  • Alkoholbruk er bevisst atferd,
  • Alkoholproblem utviklar seg gradvis og ligg på ein lang alvorlegheitsskala.
  • Akoholbruk er påverkeleg, og vert forsterka av ulike stimuli.
  • Alkoholproblem oppstår ikkje i eit vakum. Dei er ein del av komplekse atferdsmønster.
  • Alkoholproblema utspelar seg innanfor familiekontekstar.
  • Alkoholproblema vert påverka av større sosiale samanhengar
  • Relasjonar er viktige
  • Motivasjon er sentralt både for førebygging og behandling av slike problem.

Tidlege alkoholproblem kan oppdagast ved å registrere 2 hovudmønster:

  1. Gradvis aukande forbruk, (alkoholen får større pass i tilværet, og begynner ofte med ei ekstra flaske vin.)
  2. Uovekkjande enkeltepisoder. (Ein vert fullare enn ein hadde tenkt, gløymer, utagerer,  pådreg seg reaksjonar frå omgivnadane.)

Dei fleste problemdrikkarane er vanlege personar i stabile livssituasjonar, og dei er like ulike som alle andre.

Problemdrikking er tillært atferd, understrekar Fanny Duckert, og  det finst fleire ulike måtar å redusere eit alkoholroblem på.

Alle menneske viser avhengigheitsatferd i større eller mindre grad, og vi  menneske har ein generell tendens til ikkje å gjere det som er «bra» for oss. Den eldste delen av hjernen amygdala, som alle pattedyr har felles,  er konstruert for overleving. Amygdala  mobiliserer  lynraskt med reaksjonar  på eksempelvis begjær, aggresjon, frykt. Dette vert kalla varme prosessar.

Dei såkalla kalde prosessane ligg i den «moderne» delen av hjernen, frontallappane. Her tek ein logiske, reflekterte og planlagde avgjerder, kalkulerer konsekvensar og driv eigenkontroll. Desse prosessane går seinare, og er ressurskrevjande.

Drikkeimpulsar  og –sug vert aktivert av både indre og ytre signal, eksempelvis stress, svolt/tørst, angst/usikkerheit, søvnløyse, rastløyse, sinne, opp- og nedstemtheit, tid, stad, situasjon selskap. Utfordringa til ein problemdrikkar er å lære å handtere drikkeimpulsane ved å utsetje behovstilfredsstillinga og å halde fokus, d.v.s. aktivere dei kalde prosessane i hjernen. Som eksempel på strategiar for å handtere drikkesug nemner Fanny Deckert sjølv-monitorering, situasjonsanalyse, distraksjon/utsetjing, alternative aktivitetar, fokusere på mentale, positive bilete, avspenningsaktivitetar.

Fanny Duckert avslutta føredraget med ein positiv konklusjon:

Vi er alle i stand til å endre vanar, og vi må ha tiltru til problemdrikkarane sitt endringspotensiale. Uheldige drikkevanar an endrast.

Dokumenter

IMG_1748.jpg
IMG_1751.jpg
IMG_1752_rotert.JPG
IMG_1753.jpg
IMG_1758.jpg
IMG_1756.jpg
@