Referat LOP-Førjulsfesten 29/11-23, Rogaland sør.

Dette året var vi 160 festkledde menneske rundt festdekka bord, med kvite dukar, raude serviettar, levande lys og raude julestjener.
Festdeltakarane fekk utdelt lodd ved registrering, til trekning av vakkert bilete signert Marit Eik.
Arne Tveranger sørga for taffelmusikk og spelte til fellessongane.
Nestleiar i LOP Rogaland sør, Kirsten Kvalbein Egeland helse festlyden velkommen og losa oss trygt og godt gjennom kvelden.
Ho referete til Primstaven, og alle oppgavene som skulle gjerast før jul i gamle dagar.
LOP Rogaland sør har Førjulsfesten som siste fellesaktivitet, og primstaven er bytta ut med årshjulet.
Tradisjonen tru, var det allsong, med Santa Lucia som velkomstsong.
Rannveig Bærheim framførte helsing frå LOP sentralt. Ho las frå Joleif Ellingsen sine bøker:
«Rim og stubbar om koner og gubbar». Det fekk smil og latter fram hos alle.
Lærar og tidlegare stortingspolitikar Hallgeir Langeland fekk så mikrofonen, som festen sin hovedtalar. Han kalla foredraget for «50 år i fridom og 16 år bak murane».
Mange små og store saker vart omtala, i ei herleg blanding av skjemt og alvor. Referenten sit igjen med stor respekt for innsatsen, prinsippa og vala Hallgeir Langeland har bak seg.
Han vart takka med stor applaus og ein flott blomsterbukett. Boka om hans innsats kjem til våren.
Festmåltidet vart innleia med Julekveldsvisa. Store smørbrødfat og kaffi kom på borda, servert av styremedlemmer og makar i LOP Rogaland sør.
Stemninga var god, den store festsalen tek godt unna lyden, men 160 festglade menneske i godt lag gir solid summing i rommet.
Smørbrøda vart i år som i fjor og åra før, etterfølgd av marsipankake.
LOP skal også gi kulturelt påfyll, og i år hadde vi besøk av Sydvesten toradarlag. Dei var nissekledde, og hadde laga flott underhaldning for oss.
Med vals, reinlendar og polka klødde det i dansefoten for fleire enn referenten.
For LOP har 2023 vore eit innhaldsrikt år. Gunnstein Emmerhoff fortalde både frå arbeidet i sentralstyret og i ulike komitear, og takka spesielt leiaren Rannveig Bærheim for innsatsen som gav oss eit godt resultat. Meir om dette finn ein på LOP.no og i bladet «Vi i LOP».
Klokka gjekk fort, og festlyden fekk ein kort gjennomgang av vårens program, kurs, reiser og bedriftsbesøk. Programmet vert sendt ut pr. post til alle LOP-medlemmer i romjula.
Den heldige vinnaren av det vakre biletet som heile kvelden pryda scenen, var Solveig Øya. Gratulera.
Tradisjonen tru, avslutta vi Førjulsfesten ståande, med «Deilig er jorden».
Vel heim til alle, og takk til alle for ein flott Førjulsfest i LOP Rogaland sør.


Referent Emma Husabø Manin

forjulsfest23.png
@