Til lands og til vanns i Bjerkreim, torsdag 28. mai 2020

06. desember 2019

Dagstur - Til lands og til vanns i Bjerkreim! Dagstur, torsdag 28. mai 2020. Turoperatør LOP/Gunnstein Emmerhoff/Frafjord Bilrute.

Vi køyrer til Odlandsstø og går om bord i M/K Ørsdølen for å ta turen til Ørsdalen. Passerer ei rekke interessante stader, og skipperen vil på ein kåserande måte fortelje derfrå. Kort stopp i Lauperak og Dyrskog. Kaffe og heimebakst om bord. Bussen hentar oss på Vassbø og køyrer Ørsdalen til endes. Vidare til Stavtjørn der vi set oss til bords og får middag og dessert. Og kanskje kaffen kan nytast på tunet på Grøtteland? I alle fall kjem Synnøve og syng og fortel for oss.

Under køyreturen blir det fortalt frå livet i bygdene me passerer, ikkje minst av kulturhistorisk verdi. Me kjører gjennom bygder som sikkert fleire ikkje har sett før. Det blir ingen vanskelege spaserturar.

 

Reiserute: Stavanger/bussterminal kl. 08.00, Sandnes/Bystasjon 08.25,   Høylandskirken 08.30, Ålgård /Magneten 08.45. Retur same stoppestader, i Stavanger ca. 17.00

Pris kr. 1 295, alt inkludert. Påmelding skjer ved å betale kr. 1.295 pr. pers. til

konto 3335 31 25449.  Hugs å føre på namn! Påmeldingsfrist 17. april.

Bjerkreim.png
@