«Viss me kan lesa, går det som regel godt!»

LOP Rogland Sør: Kurs i bruk av appar på mobilen, onsdag 09.03. alt

Mange av oss samla mesteparten av både kunnskap og erfaring i ei tid da ordet «app» ikkje fanst i språket. No treng vi ikkje berre ordet, men også sjølve «appane» for å finne fram til viktige tenester i ein kvardag som vert meir og meir digital.

Solfrid Grødem gav 15 lærelystne medlemmer, utstyrte med smarttelefon og nettbankavtale, ei innføring korleis ein lastar ned appar frå App Store eller Google Play.

I tillegg gjekk ho spesielt gjennom nokre «kvardagsappar»:

  • Kjøp av buss- og togbillettar
  • Betale for parkering
  • Kjøp av billettar til kulturarrangement som kino, teater, konsert
  • Betale med Vipps.

Ingen av oss er utlærte etter eit kurs på to timar, men vi fekk eit så  godt innblikk i kva dette handlar om, at vi no både kan våge å prøve og, ikkje minst,  spørje om hjelp når vi står fast. «Berre dei flinkaste greier å  øydeleggje noko», sa Solfrid Grødem da ho oppmoda oss til å prøve sjølv, for «viss me kan lesa, går det som regel godt».

Vi takkar Solfrid for eit lærerikt, interessant og nyttig kurs!

Påmeldinga til dette «app-kurset»  var så stor at ho om 14 dagar held same kurs for ei ny gruppe. Det ser vi fram til!

altalt

@